Olve Nuva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olve Nuva
Fødd 9. hundreår
Død

10. hundreår

Yrke oppdagar, lyrikar
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Olve Nuva (Ǫlvir hnúfa) var ein norsk skald som levde på slutten av 800-talet og i byrjinga av 900-talet.

Far hans var Kåre Vemundsson (Berle-Kåre eller Berdlu-Kåre) frå garden Berle ved Hornelen i Bremanger. Bror hans var Øyvind Lambe, lendmann på Sandnes i Alsta som var farfar til skalden Øyvind Skaldespiller. Syster til Olve var Salbjørg som var gift med Kveldulv Bjalvesson og ho var såleis bestemor til skalden Egil Skallagrimsson. Sonen til Salbjørg var Torolv Kveldulvsson.

I Skaldatal[1] er Olve nemnt som ein av skaldane hjå Harald Hårfagre og han var samtidig med skaldane Torbjørn Hornklove og Audun Illskælda. Det meste vi elles veit om Olve, er det vi kan lese om han i soga om Egil Skallagrimsson. Han er så vidt omtala i islendingesoga om Gull-Tore (gull-Þóris saga).

Tilnamnet hnúfa skulle tyde på at han hadde fått avhogd nasa i ein eller annan sverdstrid.

Vi kjenner til desse dikta av Olve Nuva: «Lausavise»[2] og «Dikt om Tor».[3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skaldatal frå heimskringla.no
  2. Lausavise frå Skalidic Project
  3. Dikt om Tor frå Skaldic Project

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]