Hopp til innhald

Olympiastadion i München

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olympiastadion i München

AdresseSpiridon-Louis-Ring 27
StadMünchen
EigarMünchen
ArkitektFrei Otto, Behnisch & Partner, Carlo Weber
Opna26. mai 1972
Stilhigh-tech-arkitektur
Kart
Olympiastadion i München
48°10′23″N 11°32′48″E / 48.173055555556°N 11.546666666667°E / 48.173055555556; 11.546666666667

Olympiastadion i München er ein fleirbruksstadion i byen München sør i Tyskland. Det vart planlagt til Sommar-OL 1972 av arkitektfirmaet Behnisch & Partner og var arena for ulike idrettar og opnings- og avslutningsseremoniane under leikane. Etter sommarleikane var over, vart stadionet i hovudsak brukt som heimebane for FC Bayern München frå 1972 til 2005 og, med avbrot, av TSV 1860 München. I 2005 flytta begge fotballklubbane til nybygde Allianz Arena. I tillegg til kampane åt desse fotballklubbene, fann andre profesjonelle kampar også stad på Olympiastadion. Finalane i Fotball-VM 1974 og Fotball-EM 1988, samt fleire finalar i UEFAs ulike klubbturneringar vart avvikla på Olympiastadion.

Sidan 1982 har Olympiastadion vore den største scenen i München og brukt til friluftskonsertar. I tillegg til offentlege visningsarrangement har konsertar oftare funne stad på stadion etter fotballklubbane flytta. EM i friidrett 2002 og EM i friidrett 2022 vart begge avvikla på Olympiastadion..

To tredjedelar av Olympiastadion er av jord og har ei friidrettsbane, i tillegg til ei fotballbane. Overflata består av gras. Arenaen var det fyrste stadionet i Tyskland utstyrt med torvvarme, og det hadde verdas mest moderne stadion-flaumlys som kan simulere dagslys. I tillegg til stadion spenner telttak-konstruksjonen også over Olympiahallen, den olympiske symjehallen. Slik er stadion meint å symbolisere lettheit og openhet. Det er eit av dei viktigste byggae i tysk etterkrigsarkitektur og er eit landemerke i München. Til liks med de andre bygningane under telttaket har Olympiastadion vore freda sidan 1997.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Olympiastadion i München