Olše
Utsjånad
(Omdirigert frå Olza)
| Olše | |||
| elv | |||
Vinter i Český Těšín. Olše sett frå brua mellom Český Těšín og Cieszyn. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 1 118 km² | ||
| Lengd | 99 km | ||
| Vassføring | for nær munningen | ||
| • middel | 10 m³/s | ||
| Kjelde | Dei schlesiske Beskidane i Cieszyn Silesia | ||
| Munning | Oder | ||
![]() Olše 49°33′41″N 18°50′40″E / 49.561359°N 18.844553°E | |||
| Wikimedia Commons: Olza | |||
Olše eller Olza (tysk Olsa) er ei elv i Polen og Tsjekkia, og ei av sideelvane til Oder frå høgre. Ho renn frå Dei schlesiske Beskidane gjennom sørlege delar av Polen og Okres Frýdek-Místek og Okres Karviná i Tsjekkia. Fleire stadar dannar ho grensa mellom dei to landa. Ho munnar ut i Oder nord for Bohumín, på den tsjekkisk-polske grensa.
Elva har ei lengd på 99 km (16 km i Polen, 83 km i Tsjekkia) og eit nedslagsfelt på 1 118 km² (479 km² i Polen).
Elva er eit symbol på området Zaolzie, og den uoffisielle nasjonalsongen til den polske folkesetnaden i Tsjekkia, «Płyniesz Olzo po dolinie», omhandlar òg elva.
Byar og landsbyar langs elva
[endre | endre wikiteksten](frå kjelda til munningen)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Olza River» frå Wikipedia på engelsk, den 22. mars 2007.
