Om folk og hendingar
| Forfattar(ar) | Halvor Floden | ||
|---|---|---|---|
| Språk | nynorsk | ||
| Utgjeven | 2019 | ||
Om folk og hendingar er ei bok fra 2019 med tekster av Halvor Floden (1884–1956) som først stod på trykk i avisa Østlendingen i 1956–1958.[1] Dette var første gang desse avisstykka var utgjevne i bokform. Boka er utgitt av det vesle Trysil-forlaget Fregn forlag.
Boka er redigert av forlegjaren Bjørn Skaret og Flodens soneson Otto Brun Pedersen. Dei skriv i forordet i boka: «Etter at Halvor Floden hadde gitt frå seg manuset til Ein fjellgard, tok avisa Østlendingen inn ei rad forteljingar av han frå det same miljøet. Det er desse stubbane frå det siste leveåret til forfattaren som no for fyrste gong er samla mellom to permar.» Dei skriv og at artiklane er anekdoter og småhistoriar som han valgte å ikkje ta med i Ein fjellgard.
Stykka i boka er
- De lange murane, om arbeidet med å setje opp skigard for å halde hestar unna engslåttane.[2]
- Dei gamle ljosa, om støyping av lys.[3]
- Den store baby'n, om mjølkestell før og etter separatoren.[4]
- Storskomakaren.[5]
- Pål skreddar.[6]
- Ein svarting, om feiaren.[7]
- Skinnfellar.[8]
- Gammeljøden, ein «skreppekremmar» eller omvandrande handelsmann.[9]
- Det feite vatnet.[10]
- Han Jon-fabro, om Halvor Flodens gammelonkel Jon (1824-1894).[11]
- Smordølen, om en fjern slektning, bureisaren Halvor Gjermundsen Smordalen.[12][13][14]
- Jens Grønland, om bygdeoriginalen Jens Enoksen Grønland (1800-1885) frå Østby.[15][16]
- Bonden, om sonen til overnevnte, Ole Jensen Hoel (1843-1921) i Ljørdalen.[17][14]
- Ein bjørn og ein prins, om ein tysk prins på jakt i Sør-Trysil i 1887.[18]
- Gnollgubben, om ein legdsmann som gjekk seg bort.
- Ny lærar i grenda, om læraren som vart forvirra av skikken med mannsnamn som gardsnamn på Østby i Trysil.
- Eit sårt minne, om ein 5-årig gut som gikk seg bort i Ryskdalen og døydde der.[19]
- Matframande, om tiggarar.[20]
- Fleire framande til gards, om faren sitt arbeide for fattigkommisjonen i Trysil.[21]
Boka er illustert av Bård E. Valberg. Valberg legg seg fleire stader tett opp til dei teikningar av Halvor Flodens datter Tora Floden som følgde forteljingane i avisa.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Om folk og hendingar : historier frå Fjellbygda i Trysil mot slutten av 1800-talet. Fregn forlag. 2019. ISBN 9788291548104.
- ↑ «Dei lange murane». Østlendingen. 1957-10-26. s. 7.
- ↑ «Dei gamle ljosa». Østlendingen. 1957-09-18. s. 7.
- ↑ «Den store baby'n». Østlendingen. 1957-12-10. s. 5.
- ↑ «Skomaker på garden». Østlendingen. 1956-11-10. s. 5.
- ↑ «Pål skreddar». Østlendingen. 1956-11-24. s. 3.
- ↑ «Ein svarting». Østlendingen. 1956-10-13. s. 5.
- ↑ «Skinnfeldar». 1957-01-26. s. 5.
- ↑ «'Den evige jøden'». Østlendingen 1956.10.27. 1956-10-27. s. 5.
- ↑ «Det feite vatnet». Østlendingen. 1957-10-23. s. 4.
- ↑ «Han Jon-fabro». Østlendingen. 1956-12-22. s. 4.
- ↑ «Smordølen». Østlendingen. 1957-07-22.
- ↑ Herleik Nylund (2016). Drevjedalen i Trysil. Løten. s. 58. ISBN 9788230335031.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - 1 2 Trysil-boka. 5. Trysil kommune. 1989. s. 275-276, 203. ISBN 8290698046.
- ↑ «Jens Grønland». Østlendingen. 1958-01-15. s. 3.
- ↑ Trysil-boka. 1. Trysilboknemnda. 1943. s. 718. ISBN 8271040022.
{{cite book}}: ISBN / Date incompatibility (hjelp) - ↑ «Bo'on». Østlendingen. 1958-07-14. s. 5.
- ↑ «Ein bjørn og ein prins». Østlendingen. 1956-10-20. s. 3.
- ↑ «Eit sårt minne». Østlendingen 1956.12.27. 1956-12-27. s. 4.
- ↑ «Matframande». Østlendingen. 1957-06-29. s. 5.
- ↑ «Fleire framande til gards». Østlendingen. 1957-07-16. s. 4.