Oman al-Wusta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Umān al-Wusṭā
Oman imamat
Imamat
Flag of Muscat.svg
 
Flag of the Sultanate of Zanzibar (1963).svg
 
Flag of Oman.svg
751–1970 Flag of Oman.svg
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
(ingen offisielle) As-Salam as-Sultani (1970) uoffisiell
Hovudstad Nizwa
Språk arabisk
Styreform Imamat
Lovgjevande forsamling Shura-rådet
Historisk periode Ny-imperialsimen
 - Imamatet oppretta ? 751
 - Palasskupp 23. juli 1970
 - Formell abdisering 28. november 1918
I dag ein del av Flag of Oman.svg Oman

Imamatet Oman eller Oman al-Wusta (arabisk عُمان الوسطى, ʿUmān al-Wusṭā, tyder «Eigentlege Oman») syner til eit historisk område i dagens Oman. Det låg inn i landet frå Muscat, på andre sida av Jebel Akhdar (Dei grøne fjella) og var sentrert rundt byen Nizwa i området som i dag høyrer til regionen Ad Dakhiliyah. I lag med Muscat og Dhofar, var området ein del av sultanatet Muscat og Oman, men med statskuppet i 1970 vart omgrepet Oman nytta om heile landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Oman al-Wusta vart styrt av ibadi-imamar som styrte både andeleg og ofte verdsleg over regionen. Imamatet er eit tusen år gammalt system som vart starta av dei religiøse ibadi-leiarane i Oman, og er basert på islamsk sjaria. Det styrte delar eller heile Oman og andre land til forskjellige tider over ein periode på over tusen år. Det var ofte spaningar mellom desse imamane og sultanane i Muscat, og i 1913 førte valet av Salim ibn Rashid al-Kharusi til imam til Seeb-avtalen mellom imamatet Oman, med hovudstad i Nizwa, og sultanatet Oman med hovudstad i Muscat. I 1954 forsvarte ein ny imam, Ghalib bin Ali, imamatet frå eit åtak frå Muscat, etter at det vart funne olje på området hans. Sultanen Said Bin Taimur av Muscat klarte med hjelp av britiske kolonistyrkar å vinne kampen til slutt. I 1957 vart Nizwa teken og imamen sendt i eksil til Saudi-Arabia, der han heldt fram å styre imamatet og føre krig med ei mellombels regjering i Dammam i Saudi-Arabia. I 1959 vart dei siste styrkane til imamatet slått og namnet på heile Muscat og Oman vart endra til sultanatet Oman i 1970.

I dag vert «Eigentlege Oman» òg nytta om sultanatet utanom eksklavane Musandam og Madha.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]