Omanbukta ørken og halvørken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omanbukta ørken og halvørken
region
Land  Dei sameinte arabiske emirata,  Oman
Jebel Misht i Hajar-fjella med sparsam vegetasjon i framgrunnen.

Omanbukta ørken og halvørken er ein økoregion ved kysten av Persiabukta og Omanbukta i Oman og Dei sameinte arabiske emirata ved nordausttuppen av Arabia

Plassering[endre | endre wikiteksten]

I Oman omfattar økoregion Musandamhalvøya, enklaven til Oman i UAE ved Hormuzsundet og innløpet til Persiabukta. I hovuddelen av Oman dekkjer området kystsletta av Al Batinah-regionen ved Omanbukta og held fram forbi Muscat til strendene og sanddynene i Ash Sharqiyah-regionen. Frå Ras al Hadd går det sørover langs kysten til ørkenøya Masirah. Det omfattar òg ei stripe i innlandet sørvest for Al Hajar-fjella. I Emirata dekkjer det slettene kring Al Hajar-fjella i aust, i emirata Dubai, Sharjah og Ras al-Khaimah, og ved Al Batinah-kysten kring Fujairah.

Denne tørre økoregionen består av fleire habitat, som mangrovesumper, lagunar og gjørmestrender på kysten, grussletter og savanne med tornete akasietre i innlandet med Musandam- og Al Hajar-fjella i bakgrunnen. Klimaet er varmt og tørt med temperaturar opp til 50 ºC og lite nedbør, særleg ved kysten av Persiabukta i Emirata. Det er noko meir regn ved Omanbukta og det er høgt luftfukt ved begge kystane.

Planteliv[endre | endre wikiteksten]

Kystmangrovene består av Avicennia marina, tre på innlandssavannen er mellom anna Ziziphus spina-christi, Prosopis cineraria og Vachellia tortilis, medan ein i fjella finn Ficus cordata salicifolia og Vachellia tortilis. Ved Al Batinah-kysten finn ein Vachellia tortilis og Prosopis cineraria. Somme av desse artane finn ein òg på andre sida av Persiabukta i Iran.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Suppeskjelpadde (Chelonia mydas) legg egg i Ras al-Jinz.

Den største bestanden av glattkarett (Caretta caretta) ynglar på Masirah og andre skjelpadder kjem til desse kystane, som bastardskjelpadde (Lepydochelys olivacea), suppeskjelpadde (Chelonia mydas) og den uttryddingstruga karetten (Eretmochelys imbricata). Området har eit særs rikt fugleliv, inkludert mange trekkfuglar mellom Asia og Afrika. Endemiske fuglar er mellom andre artar av collared kingfisher (Todiramphus chloris). Av pattedyr finn ein den utryddingstruga arabiske leoparden (Panthera pardus nimr) i fjella og arabisk thar, og karakalar, men desse er alle sårbare for jakt.

Trugslar og bevaring[endre | endre wikiteksten]

Habitata har blitt slitne ned av beiting, særleg av kamelar og geiter. Al Batina-kysten er det tettast folkesette området i Oman og er kraftig oppdyrka. Av dei urbane områda i dette området finn ein hovudstaden i Oman og den største byen, Muscat, og fiskebyane Barka, som er kjende for oksekampar, Sohar, i følgje segna heimstaden til Sindbad sjøfararen, og feriebyen Al Sawadi. Andre turistmål langs denne kysten er dei historiske borgene Nakhal Fort og Rustaq, Wahiba-sanden og skjelpaddestrendene i Ras Al Hadd og Ras al-Jinz. Byar i UAE i denne økoregionen er Dubai og den nærliggande byen Sharjah. Ein populær tur ut frå Dubai er til Hajar-fjella og enklaven Hatta.

Andre trugslar til økoregionen er oljesøl i sjøen, krypskyting av dyrelivet og terrengkøyring til stader som Wadi Bani Awf. Verneområde i regionen er Ras al Khor i Dubai, som er kjend for overvintrande flamingoar, og eit område med mangrove i Khor Kalba naturreservat ved Omanbukta i UAE nær grensa til Oman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]