Omar Sy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omar Sy

Fødd20. januar 1978 (46 år)
FødestadTrappes
Aktive år2000–
Verka somskodespelar, komikar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, manusforfattar
PrisarGlobe de cristal, César for beste mannlige hovedrolle, Time 100
Omar Sy i 2020.

Omar Sy (fødd 20. januar 1978) er ein fransk skodespelar og komikar.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Omar Sy vaks opp i Trappes som er ein forstad utanfor Paris. Han er son av ein senegalesisk far frå Fulani-folket og ei mauritansk mor som budde nær Paris.[2] Opphavleg ynska Sy å verta teknikar for varme, ventilasjon og sanitærteknologi og ferda til Senegal.[2] Mellom 1996 og 1997 yrkte han på den franske radiostasjonen Radio Nova, der han møtte Fred Testot. Omar Sy vart sett saman med Testot i fjernsynsprogrammet Omar et FredCanal+, noko som gjorde han for fullt kjend i Frankrike.

Det internasjonale gjennombrotet til Sy kom med filmen De urørlige saman med François Cluzet. Filmen vart ein stor suksess i Frankrike, der han vart årets mest suksessrike innanlandske produksjon med meir enn 19 millionar sjåarar. I 2012 vart Omar Sy den fyrste ikkje-kvite skodespelaren som vann César-prisen for beste skodespelar for rolla i filmen De urørlige.[3] Sy spelte hovudrolla som Bishop i X-Men: Days of Future Past, oppfylgjaren til X-Men: First Class.

Den 5. juli 2007 gifta han seg med Hélène, saman har dei fem born. I 2012 flytta familien til Los Angeles.[4][5]

I 2017 vart Sy medlem av Det amerikanske akademiet, som deler ut Oscar-prisane årleg.

Filmografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • 2001 – La tour Montparnasse infernale
  • 2002 – Samouraïs
  • 2006 – Nos jours heureux
  • 2009 – Tellement proches
  • 2009 – Micmacs à tire-larigot
  • 2009 – Safari
  • 2011 – Intouchables (De urørlige)
  • 2012 – Les seigneurs
  • 2012 – De l’autre côté du périph
  • 2014 – X-Men: Days of Future Past
  • 2014 – Good People
  • 2014 – Samba
  • 2015 – Jurassic World
  • 2015 – Burnt
  • 2016 – Chocolat
  • 2016 – Inferno
  • 2016 – Demain tout commence
  • 2017 – Knock
  • 2018 – Yao
  • 2018 – Le flic De Belleville (Belleville Cop)
  • 2019 – Le Chant du loup (The Wolf's Call)
  • 2021 – Lupin
  • 2022 – Tirailleurs (Father & Soldier)
  • 2022 – Jurassic World Dominion

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Omar Sy | Biography, Movies, & Facts | Britannica», www.britannica.com (på engelsk), henta 17. mars 2023 
  2. 2,0 2,1 Stefan Locke: Omar Sy im Gespräch: „Ich bin ein freier Mensch.“ i Frankfurter Allgemeine Zeitung publisert 25. mars 2013.
  3. «"The Artist" et Omar Sy, stars des César 2012», France 24 (på fransk), 25. februar 2012, henta 17. mars 2023 
  4. «Omar Sy», gala.de (på tysk), henta 17. mars 2023 
  5. «Arsène Lupin, Hollywood, French cinema: all you need to know about Omar Sy», TV5MONDE États-Unis (på engelsk), henta 17. mars 2023 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Omar Sy