Ometz i Israel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 32°22′10.2″N 34°59′38.03″E
Ometz
אֹמֶץ, אומץ
landsby
Ometz 6707.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Heferdalen
Koordinatar 32°22′10.2″N 34°59′38.03″E
Folketal 762 (2012) [1]
Grunnlagd 1949
 - Grunnlagd av Demobiliserte IDF-soldatar
Tilhøyrsle Moshavimrørsla
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Ometz

Ometz (hebraisk skrift אֹמֶץ, tyder Mot) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta nær Zemer og høyrer til Heferdalen regionale kommune.

Moshaven vart grunnlagd i 1949 av demobiliserte IDF-soldatar frå Alexandroni-brigaden. Han var den første grensebusetnaden i Heferdalen som vart grunnlagd etter den arabisk-israelske krigen i 1948, på landområde som tidlegare hadde høyrt til den avfolka arabisk-palestinske landsbyen Qaqun. Det er to teoriar om opphavet til namnet. Ein teori er at namnet kjem frå uttrykket «Ometz VeGvura» (Mot og tapperheit), medan den andre teorien er at det er eit akronym for Irgun Mishuhrarei Tzahal (hebraisk skrift ארגון משוחררי צה"ל, som tyder Organisasjonen for demobiliserte IDF-soldatar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 9. oktober 2014.