Omey Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 53°32′07″N 10°09′27″W

Omey Island is located in
Plasseringa på Irland

Omey Island (irsk: Iomaidh) er ei tidvassøy nær Claddaghduff heilt vest i Connemara ved Irland. Det går ein veg over sanden til øya, men ved høgvatn er vatnet djupt nok til å dekke ein bil.

Ruinane av eit kloster ligg på øya. Det vart bygd av St. Feichin og namnet på øya kjem frå det irske Iomaidh Feichín som tyder Feichín si seng eller sete. Ein meiner at klosteret vart bygd tidleg på 500-talet.

Øya har fleire spor etter St. Feichín, som Den heilage brønnen heilt vest på øya. Det står òg ei gamal kyrkje på øya. Kyrkja var i fleire hundreår gravlagd under sand, men soknepresten i området fekk hjelp av lokale innbyggjarar og grave ho ut att.

St. Feichín skal ha oppretta mange slike samfunn vest på Irland og vert rekna som ein av dei viktigaste dei tidlege grunnleggjarane irsk kristendom.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]