Omleiringa av Cuneo i 1691

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Omleiringa av Cuneo
Del av niårskrigen
Dato 28. juni 1691
Stad
Resultat Alliert siger
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Savoie flag.svg Hertugdømet Savoie
Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Det tysk-romerske riket
Kommandantar
Flagget til Frankrike Marquis de Feuquières
Flagget til Frankrike Vivien de Bulonde
Victor Amadeus II av Sardinia
Styrkar
Garnisonen +
2500 mann sterk hjelpestyrke[1]
Tap
~700–800[2]

Omleiringa av Cuneo vart utkjempa den 28. juni 1691 under niårskrigen i Piemonte-Savoie, i dagens Nord-Italia. Omleiringa var ein del av felttoget til kong Ludvig XIV mot Victor Amadeus, hertugen av Savoie, som hadde gått inn i Storalliansen året før. Omleiringa var eit forsøk på å få eit fotfeste i Piemonte, slik at marskalk Catinat og armeen hans då kunne overvintre aust for Alpane. På grunn av inkompetanse hos dei to franske kommandantane og at ein styrke frå keisaren nådde fram til byen, vart omleiringa mislukka. Resultatet var at franskmennene mista mellom 700 og 800 mann. Sjølv om dei franske styrkane hadde teke Nice i vest og Montmélian i nord, var den vesle styrken til Catinat dårleg utrusta og tvungen på defensiven. Ludvig XIV gav så Amadeus eit generøst fredstilbod, men hertugen, som no hadde fått forsterkingar frå Det tysk-romerske riket, rekna seg sjølv mektig nok til å halde fram kampen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I eit forsøk på å kome ut av vasallforholdet til franskmennene gjekk Victor Amadeus av Savoie inn i Storalliansen i juni 1690, men i det første felttoget leid han eit stort nederlag for marskalk Catinat i slaget ved Staffarda den 18. august. Ved å nytte hovudbasen til Frankrike i Pinerolo erobra Catinat så fleire andre byar i regionen. På grunn av logistikkproblem (som førte til mangel på mann og forsyningar), måtte franskmennene trekkje seg ut av Piemonte mot slutten av 1690, og setje opp vinterkvarter på vestsida av Alpane.[3]

Franskmennene byrja felttoget i 1691 tidleg. I mars kryssa Catinat grensa inn i grevskapet Nice for å gå til åtak på dei sørlege kystbyane Nice og Villefranche (dei måtte ta begge stillingane fordi desse kunne nyttast som eit springbrett av dei allierte for eit åtak mot Provence).[4] Villefranche kapitulerte raskt til Catinat den 20. mars og det same gjorde byen Nice, men citadellet i Nice heldt ut mot General Vins fram til 1. april. Nice vart erobra og franskmennene hadde berre tapt 100 mann,[2] og nesten heile grevskapet var no under Ludvig XIV sin kontroll. Av alle byane i Savoie vest for Alpane, vart det berre Montmélian, i hertugendømet Savoie, som framleis var i hendene til hertugen.

Omleiringa[endre | endre wikiteksten]

I byrjinga av niårskrigen var områda til Victor Amadeus II, hertug av Savoie, hovudsakleg delt inn i fleire regionar: Grevskapet Nice, hertugdømet Savoie og fyrstedømet Piemonte, med hovudstaden Torino.

I Piemonte marsjertge Marquis de Feuquières sørvestover og ut av Pinerolo den 18. april for å angripe valdensarane og dei franske hugenottane i Luserna. Feuquières, som hadde lidd eit nederlag i Luserna året før, møtte lite motstand og plyndra byen og tok livet av mange av innbyggjarane.[2] Catinat herja samstundes ruta mellom Torino og Susa. Det var derimot ikkje mogeleg å erobre Torino, hovudstaden i Piemonte, på grunn av for få soldatar og forsyningar. Catinat tok Avigliana den 29. mai, før han sende eit stort korps under Feuquières og Bulonde for å kringsetje Cuneo ved Stura i det sørlege Piemonte.

Ved å erobre Cuneo kunne franskmennene overvintre aust for Alpane, men inkompetansen til dei to kommandantane gjorde at omleiringa vart mislukka.[4] Då dei høyrte at ein hjelpestyrke frå Riket var på veg under Eugene av Savoie, vart Bulonde nervøs og heva omleiringa.[5] Den franske armeen tapte mellom 700–800 soldatar og måtte forlate forsyningane sine, skadde og dei tunge kanonane.[4] Garnisonen i Cuneo hadde halde ut og var framleis intakt då Eugene nådde fram til. Etter å ha forsterka byen vende Eugene attende til Torino.[1]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

I juli klarte Feuquières å få forsterkingar og ta Casale.[4] Dei franske styrkane mangla likevel fortsatt soldatar og forsyningar. Tidlegare, den 9. juni 1691, hadde Catinat teke Carmagnola, men i august nådde 13 000 keisarsoldatar – som nyleg hadde kjempa mot osmanarane i den store tyrkiske krigen – fram for å forsterke Amadeus, og på papiret hadde han no 45 000 mann.[6] Den 26. september kryssa dei allierte elva Po for å ta attende den tapte byen, og med mangel på franske soldatar, kapitulerte Carmagnola til dei allierte den 8. oktober.

Samstundes herja Marquis de La Hoguette, som kommanderte dei franske styrkane i hertugdømet Savoie, Aostadalen i førebuinga av omleiringa av Montmélian. Dalen var ein av to hovudruter inn i Savoie der Amadeus kunne sende hjelpestyrkar frå Piemonte (erobringa av Susa i november 1690 hadde blokkert den einaste alternative vegen). Hoguette nådde så langt sør som Bard før han vende attende til Savoie, og øydela alle bruene han passerte.[2] På grunn av mangel på skikkelege kanonar kunne ein ikkje kringsette Montmélian før november.[7] Då det vart klart at dei ikkje kom til å få støtte frå Piemonte, overgav byen seg den 22. desember.

Sjølv om franskmennene hadde oppnådd lite i Piemonte kontrollerte Catinat no nesten heile grevskapet Nice og hertugdømet Savoie. Under fredsforhandlingane på sommaren hadde Ludvig XIV insistert på å behalde Nice, fleire av byane i Piemonte på veg til Casale, og Montmélian; 2400 av soldatane til Amadeus, i lag med tre dragonregiment. Den 16. juli døydde den viktige og dyktige krigsministeren til kongen, Louvois, og 12 dagar seinare kalla Ludvig XIV den meir moderate Pomponne til å sitje i Conseil d'en haut. Dette endra etter kvart den politiske retninga til staten.[8] No når dei stod mot ein sterkare fiende, og ikkje klarte å oppretthalde ein styrke på sletta i Piemonte, gav Ludvig XIV dei betre fredsvilkår i desember. Ludvig XIV var no førebudd på å siker Savoie for krigskostnadane, og stader Frankrike hadde erobra skulle beslagleggast av nøytrale partar. Casale skulle jamnast med jorda og i tilfelle Karl II, kongen av Spania, døydde skulle Ludvig XIV hjelpe Amadeus med å erobre Milano.[4] No var derimot ikkje Amadeus klar til å gjere seriøse forhandlingar, særleg sidan han no hadde ein sterkare styrke enn franskmennene for neste år. Fredsforhandlingane vart avviste og fiendskapen heldt fram året etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 MacMunn: Prince Eugene: Twin Marskalk with Marlborough, 53
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, 220
  3. Wolf: Louis XIV, 562
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 Rowlands: Louis XIV, Vittorio Amedeo II and French Military Failure in Italy, 1689-96.
  5. Wolf: Louis XIV, 564
  6. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, 220.
  7. Rowlands: Louis XIV, Vittorio Amedeo II and French Military Failure in Italy, 1689-96.
  8. Wolf: Louis XIV, 568