Omleiringa av Danzig i 1734

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Omleiringa av Danzig
Del av den polske arvefølgjekrigen
Siege of Danzig 1734.PNG
Bilete frå slaget
Dato 22. februar – 30. juni 1734
Stad Danzig, Polen
Resultat Russisk-saksisk siger
Partar
Flag of Russia.svg Det russiske imperiet
Flag of Saxony.svg Kurfyrstedømet Sachsen
Herb Rzeczypospolitej Obojga Narodow.svgPolen
Flag of the Kingdom of France (1814-1830).svg Frankrike
Sweden-Flag-1562.svg Sverige
Kommandantar
Flagget til Russland Peter Lacy
Flagget til Russland Burkhard Christoph von Münnich
Flagget til Russland Thomas Gordon
Flagget til Sachsen Johann Adolf II av Sachsen-Weissenfels
Herb Rzeczypospolitej Obojga Narodow.svg Stanisław Leszczyński
Herb Rzeczypospolitej Obojga Narodow.svg General von Bittinghofen
Flagget til Frankrike Rochon de la Pérouse, Comte de la Motte #
Flagget til Frankrike Jean André, Marquis de Barailh
Flagget til Frankrike Count Plélo 
Flagget til Sverige Baron von Stackelberg[1]
Styrkar
12 000(i starten)-37 000 eller 60 000 regulære (totalt) 4 500(i starten)-7 000 polakkar (total)
7 500-8 500 polske militssoldatar og frivillige
1 200-2 400 franskmenn[2]
130 svenske frivillige[1]
Tap
8 000 Ukjend

Omleiringa av Danzig skjedde i 1734 då russarane frå 22. februar til 30. juni kringsette og erobra den polsk-litauiske byen Danzig (dagens Gdańsk) under den polske arvefølgjekrigen. Det var første gongen at soldatar frå Frankrike og Russland møtte kvarandre som fiendar på slagmarka.[3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den polske arvefølgjekrigen.

August II av Sachsen, som òg hadde regjert som konge av Polen det meste av tida sidan 1697, døydde den 1. februar 1733, og utløyste ein kamp over kven som skulle ta over den polske trona. Stanisław Leszczyński, som hadde styrt som konge ei kort stund under den store nordiske krigen (1705 til 1709), vart valt som konge den 10. september 1733, med brei støtte i den polske adelen og folkesetnaden, samt frå Frankrike (der dottera hans var gift med Ludvig XV), og Sverige (der Karl XII hadde støtte han i den første regjeringstida). Russland, habsburgarane og Sachsen, ønskte ein monark dei kunne ha meir innverknad over, og gjekk imot valt. Russland sendte soldatar inn i Polen i august 1733, eit første forsøk på å påverke valet, men tvinga så Stanisław, som berre hadde 2000 soldatar i Warszawa, til å trekkje seg attende til Danzig, der han grov seg ned med partisane sine (inkludert primasen av Polen Teodor Potocki og franske og svenske ministrar) for å vente frå støtta som Frankrike hadde lova. Den 30. september nådde ei russisk armé på 20 000 mann under Peter Lacy fram til Warszawa, og 6. oktober vart det halde eit nytt sejm som utropte August III til konge.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Frankrike, som hadde lova økonomisk og militær støtte til Stanisław i kampen hans om trona, nølte med å sende ein flåte til Austersjøen for å unngå konfrontasjonar med Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda som kunne dra desse nøytrale nasjonane inn i krigen. Franske midlar fann sin veg til Danzig i 1733 og vart nytta av general von Bittinghofen, militærkommandanten i Danzig, til å utbetre forsvaret av byen i vente av ei militær handling frå Russland, Sachsen, og Austerrike. I tillegg til dei 4 500 regulære soldatane som var stasjonerte i byen, klarte støttespelarane til Stanisław å mønstre ein lokal milits for å forsterke byen.

General Lacy, måtte forlate store garnisonar for å kunne slå partisanane til Stanisław, og marsjerte 12 000 mann til Danzig, og byrja kringsetjinga den 22. februar 1734. På grunn av mangel på skikkeleg kringsetjingsutstyr og at det framleis var vinter, var det lite aktivitet til å byrje med, og russarane måtte slite med konstante småtrefningar med partisanane både innanfor og utanfor kringsetjingslinjene.

Den første franske flåten[endre | endre wikiteksten]

Eit kart frå tidleg på 1700-talet over Danzig og omliggande område.

Kardinal de Fleury, rådgjevaren til Ludvig XV, sendte ein liten flåte til Austersjøen for å støtte Stanisław. Dei drog ut frå Brest den 31. august 1733 med ein flåte på 14 skip (ni transportskip med 1500 soldatar og ein eskorte på fem fregattar) og nådde fram til København den 20. september. Flåten vart kalla attende før det vart klart at Stanisław trengde ei eller anna form form støtte.

Omleiring[endre | endre wikiteksten]

Den 17. mars nådde marskalk Münnich fram med forsterkingar - 15 000 soldatar (og kringsetjingsarmeen talde då totalt 60 000 soldatar), og tok over kommandoen over kringsetjinga. Det gjekk treigt med russarane på grunn av mangelfullt artilleri. Adam Tarło, ein av Stanisław sine støttespelarar, leia 8000 mann i eit forsøk på å oppheve blokaden, men desse vart overraska av ei avdeling sendt frå kringsetjingslinja under Lacy nær byen Berent (dagens Kościerzyna) og drivne attende. Då russarane fekk tyngre artilleri og 10 000 saksarar nådde fram i mai, erobra russarane fortet Sommerschanz ved munningen til elva Wisla, men vart slått attende i eit blodig forsøk på å storme Hagelburg.

Gravering som syner dødsfallet til grev Plélo

Den andre franske flåten[endre | endre wikiteksten]

Då det vart kjend i Paris at Stanisław var blokkert i Danzig i februar 1734, vart det organisert ein ny støtteflåte. Sjølv om Plélo bad om femten til tjue tusen soldatar, vart det først bere sendt to skip («Achille» og «Gloire») under kommandør Barailh med 1800 mann under Pérouse La Motte. Desse soldatane vart sett i land i Weichselmünde den 11. mai. Fire dagar seinare forlet Pérouse La Motte stillinga, erklært ho uthaldbar, og vendte attende til København. Her insisterte grev Plélo at det vart handla, og at flåten vart forsterka med fleire skip («Fleuron», «Brilliant» og «l'Astrée»). Flåten vendte attende til Danzig, og sette soldatar i land den 24. mai. Den 27. mai, i det som vart den første fiendtlege trefninga mellom franske og russiske soldatar, prøvde denne styrken å storme dei russiske skyttargravene, men mislukkast med dette. Forsøket kosta mellom anna grev Plélo livet), og trekte seg attende til Weichselmünde. Ein russisk flåte under admiral Thomas Gordon nådde fram den 1. juni, og sette i land fleire våpen. Kanonane frå flåten gøyv så laus mot den franske stillinga slik at dei overgav seg og Weichselmünde (og dermed kontrollen over hamna til Danzig) følgde nokre dagar seinare. Barailh vendte attende til København, men ikkje før to av skipa i flåten hans kapra den russiske fregatten «Mittau». Dette skipet vart etter kvart byta mot franske fangar.

Overgjeving[endre | endre wikiteksten]

Danzig kapitulerte utan vilkår den 30. juni etter å ha halde ut i 135 dagar, noko som kosta russarane 8000 mann.[3] Danzig vart påført store skadar og måtte òg betale for reparasjonane til sigerherrane.

Forkledd som ein bonde, hadde Stanisław klart å rømme to dagar før byen overgav seg. Han dukka opp att i Königsberg, der han sendte ut eit manifest til parisanane sine som gjorde at det vart danna eit forbund på hans vegner. Det vart òg sendt eit polske sendebod til Paris for å be Frankrike invadere Sachsen med minst 40 000 mann. I Ukraine håpte grev Nicholas Potocki på å støtte Stanisław med å sende om lag 50 000 geriljasoldatar som opererte på landsbygda kring Danzig. Desse vart derimot etter kvart spreidd av russarane og Frankrike avslo å sende ytterlegare hjelp. Stanisław avstod formelt frå kravet sitt til trona den 26. januar 1736.

Etter overgjevinga vart russiske styrkar sendt lenger vest for å støtte Austerrike i forsvaret av riket mot dei franske inntoga i Rhindalen. Dei russiske styrkane nådde Rhinen for første gong i historie og var med på å avgrense dei franske militære handlingane på denne krigsskodeplassen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Hoburg, s. 13
  2. Sources differ on the number of French troops. The most common counts are between 1,200 and 1,800.
  3. 3,0 3,1 The History of Poland

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]