Omleiringa av Kehl i 1733

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Omleiringa av Kehl
Del av den polske arvefølgjekrigen
Festung Kehl 1788.jpg
Kart over Kehl og Strasbourg frå 1788
Stad
Resultat
Partar
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike Banner of the Holy Roman Emperor (after 1400).svg Habsburgmonarkiet (Austerrike)
Kommandantar
Flagget til Frankrike James FitzJames, 1. hertug av Berwick Flagget til Habsburgmonarkiet Baron Johann august von Phull
Styrkar
25 000 infanteri
8 000 kavaleri
250 keisarsoldatar
1 200 schwabisk milits
Den polske arvefølgjekrigen
Kehl  · Pizzighettone · Danzig · Bitonto  · Trarbach · Philippsburg · San Pietro · Gaeta · Capua · Guastalla · Klausen

Omleiringa av Kehl (14.–28. oktober 1733) var ein av dei første manøvrane i det franske Rheinland-felttoget i den polske arvefølgjekrigen, ved festningsbyen Kehl i øvre Rhindalen. Ein stor fransk armé kommandert av hertugen av Berwick kringsette og erobra festninga, som berre hadde ein liten garnison og var i dårleg stand.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den polske arvefølgjekrigen.

August II døydde den 1. februar 1733 gjorde både sonen hans August III, og Stanislas I, svigerfar til Ludvig XV, krav på den polske trona. Medan ein som gjorde seg ut for å vere han tilsynelatande forlet Brest til sjøs, kryssa Stanislas Tyskland i forkledning og nådde fram til Warszawa den 8. september. Den 12. september vart Stanislas valt til konge av Polen av riksdagen.

Då han vart valt invaderte Russland og Austerrike (som støtta August III) Polen. Den 22. september måtte Stanislas, som ikkje hadde ein skikkeleg armé, søke tilflukt i Danzig (dagens Gdansk), og venta der på den franske støtta han var lova. Den 5. oktober vart August III utropt til konge verna av russiske styrkar i Warszawa. Storbritannia, Dei sameinte Nederlanda, Sverige, Danmark og Republikken Venezia anerkjende den austerrisk-russiske invasjonen av Polen som krigsårsak og ønskte å halde seg nøytrale. Spania, som trakta etter Kongedømet Napoli og Sardinia, som trakta etter Hertugdømet Milano, tok Frankrike si side.

Hoffmennene til Ludvig XV (mellom andre prinsane av Conti og Eu, grevane av Clermont, Charolais og Belle-Isle, duc de Richelieu, og Moritz av Sachsen, halvbror til Augustus III og tidlegare kjæraste med Anna Ivanovna, no tsarina av Russland) støtta marskalk James FitzJames å danne ein armé for å invadere Rheinland med mål om å distrahere Austerrike frå hendingane i Polen og skaffe seg Hertugdømet Lorraine.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen og festninga Kehl lågg nær markgrevskapet Baden (no ein del av den tyske delstaten Baden-Württemberg, men då ein del av Det tysk-romerske riket), like over Rhinen for den franske byen Strasbourg. Festninga i Kehl, og den i Philippsburg lenger nord, var strategisk viktige for å ha militær kontrll over dei store kryssingsstadane over Rhinen, som danna grensa mellom det franskkontrollerte Alsace og forskjellige fyrstedømet i riket.

Nominelt var området keisaren sitt ansvar, men vedlikehaldet og forsvaret av festninga høyrte til Den schwabiske rikskrinsen, som stort sett var dominert av Hertugdømet Württemberg. Somme keisarsoldatar var stasjonerte der i januar 1733, kommandert av generalløytnant Baron Johann August von Phull, og det meste av garnisonen bestod av schwabiske soldatar. Då krigen braut ut vart det gjort mykje arbeid med å reparere og utvide festninga, men nøkkelforsvaret nær Rhinen var ikkje komplett.

Den 12. oktober marsjerte franske soldatar under Belle-Isle og Silly inn i Hertugdømet Lorraine og erobra hovudstaden, Nancy. Dei fekk raskt kontroll over resten av Lorraine, og dei to kommandantane let garnisonar vere att gjennom hertugdømet før dei sende det meste av styrkane sine inn i Alsace for å fokusere på felttoget ved Rhinen.

Same dag, den 12. oktober, gav Berwick soldatar frå Strasbourg-leiren ordre om å krysse Rhinen. Ein stad nær Auenheim, kring 4 km nedanfor Kehl, bygde dei ei båtbru og 4 000 mann kryssa over til austbreidda. Nær Goldscheuer, 7 km ovanom festninga, byrja dei å byggje ei ny bru. To dagar seinare hadde mesteparten av armeen til Berwick kryssa Rhinen. General Phull, øydela brua mellom Kehl og Strasbourg, då franskmennene starta forflyttinga, og øydela i tillegg hus og andre bygg utanfor festninga som kunne gje franskmennene vern i eit åtak.

Omleiringa[endre | endre wikiteksten]

Berwick gav først ordre om å byggje ei linje med circumvallasjon. Lokale innbyggjarar vart tvungen til å vere med på bygginga, og linja enda i begge ender ved Rhinen, ovanom og nedanom festninga. Kvartermeistrane til Berwick kravde òg at dei omliggande landsbyane måtte gje forsyningar til kringsetjarane. Hertugen av Württemberg signerte ein forsyningsavtale som han omtalte i rapportar til keisaren at han måtte skrive under på med særs stor tvang.

Den 17. oktober var Berwick klar til å grave kringsetjingslinjene, og det vart klart for Phull at hornverka til festninga mot elva var målet til Berwick, då Berwick starta å byggje batteri på ei øy mellom Kehl og Strasbourg. Den 18. oktober sendte Phull detaljerte instruksar til kommandantane sine vedrørande forsvarstaktikken og tilbaketrekkinga. Dei skulle halde hornverka til fienden anten kom gjennom muren eller artilleriet ikkje lenger var brukande, og forsvararane skulle då falle attende til den dekte vegen mellom hornverket og hovudfestninga, og så til sjølve festninga.

Franskmennene byrja å grave grøfter natt til 19. oktober. Den 21. oktober nådde linjene ein uferdig lunette på Rhin-sida av festninga, og franskmennene starta å setje opp eit batteri der den 23. oktober. Forsvarane var på denne tida redusert til musketteld og granatar, sidan det meste av artilleriet var demontert eller øydelagd av fienden.

Den 23. oktober opna franskmennene eld mot hornverket og muren til hovudfestninga med kanoneld. Etter to mislukka åtak frå grenaderane til Berwick, klarte dei ei kort stund å okkupere hornverket, men det vart gjenerobra av tyskarane dagen etter. Forsvararane prøvde eit åtak mot franske stillingar nær hornverket, men vart drivne attende. Den 27. oktober hadde franskmennene sett opp mange batteri og hamra nådelaust laus på hovudfestninga. Kring 1600 den 28. oktober starta den franske krysselden å skyte mot hornverket og kommandanten her bad om løyve frå Phull om å få trekkje seg attende. Dette vart innvilga. Phull heldt så eit råd, der det vart klart at berre 500 mann var stridsdyktige og at festninga berre kunne halde stand høgst tre dagar til. Phull valte derfor å heve det kvite flagget kring kl. 2000 den 28. oktober.

Garnisonen marsjerte ut av festninga den 31. oktober med full krigsære, og vart eskotert til forsvarslinja til keisaren ved Ettlingen.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Dårleg vêr enda det franske felttoget det året og Berwick, slo leir for vinteren på den franske sida av Rhinen, etter å ha sikra seg full kontroll over området. I 1734 heldt Berwick fram felttoget ned Rhinen, og klarte å kome rundt på flanken til den austerrikske forsvarslinja ved Ettlinjen, og heldt fram med omleiringa av Philippsburg, der han vart drepen av ei granat. Kringsetjinga vart fullført med suksess av hans nestkommanderande, marki d'Asfeld, og markerte slutten på dei viktige militære operasjonane i Rhindalen for denne krigen. Med freden i Wien i 1738 som enda krigen, trekte Frankrike seg etter kvart ut av Kehl og Philippsburg, men fekk annektere Lorraine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]