Omleiringa av Namur i 1692

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Omleiringa av Namur (1692)
Del av niårskrigen

Omleiringa av Namur, juni 1692 av Martin Jean-Baptiste le vieux
Dato 25. mai–30. juni, 1692
Stad Namur i Dei spanske Nederlanda
(I dagens Belgia)
50°28′N 04°52′E / 50.467°N 4.867°E / 50.467; 4.867
Resultat Fransk siger
Partar
 Frankrike  Spania
 Det tysk-romerske riket
 Dei sameinte Nederlanda
Kommandantar
Flagget til Frankrike Kong Ludvig XIV
Flagget til Frankrike Marquis de Vauban
Flagget til Frankrike Duc de Boufflers
Flagget til Spania Hertugen av Barbançon
Flagget til Den nederlandske republikken Menno van Coehoorn
Styrkar
120 000[1]
151 kanonar
~6 000
Tap
7 000 drepne eller skadde 4 000 drepne eller skadde
Niårskrigen

Omleiringa av Namur, 25. mai–30. juni 1692, var eit stort slag i niårskrigen, og ein del av den store planen til franskmennene om å slå styrkane til Storalliansen og raskt avgjere krigen. Namur, som ligg ved samløpet mellom elvane Meuse og Sambre, var ei mektig festning og ein viktig politisk og militær stad. Dei franske styrkane, leia av Vauban, tvinga byen til å overgje seg den 5. juni, men citadellet, kommandert av Menno van Coehoorn, klarte å halde ut til 30. juni før dei kapitulerte, og avslutta den 36 dagar lange kringsetjinga. Kong Ludvig XIV var redd for at kong Vilhelm III planla å gjenerobre festninga og gav sin øvstkommanderande, duc de Luxembourg, om å gå til slag mot dei allierte, noko som førte til det blodige slaget ved Steenkerque den 3. august.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som i 1691 vart det oppretta fem store armear på fem frontar i krigen: Flandern, Moselle, Rhinen, Piemonte og Roussillon. I tillegg vart det oppretta enno ein styrke i Flanderen for å gå til åtak på det som var det store målet til Frankrike for 1692, den viktige festninga i Namur. Ved å erobre festninga ville franskmennene få kontroll over dei nærliggande områda til Frankrike, samt kanskje inspirere nederlendarane til å gjere fred. Erobringa førte derimot ikkje til nokre forhandlingar, men vart ei viktig spelebrikke i seinare forhandlingar.[2]

For å hindre Vilhelm frå å kome byen til unnsetning, sette Ludvig samstundes i land styrkar i England for å hjelpe kong Jakob II i forsøket hans på å ta attende trona si. Denne styrken bestod av 12 000 katolske irske soldatar, som hadde delteke i den irske krigen før freden i Limerick, i tillegg til om lag like mange franske soldatar. For å klare dette måtte derimot franskmennene få kontroll over Den engelske kanalen.[3]

Omleiringa[endre | endre wikiteksten]

Ludvig forlet Versailles og drog mot Flandern den 10. mai.[4] Det franske kavaleriet kringsette byen natt til 26. mai før hovudarmeen kom fram dagen etter. Dei franske styrken var større enn den Ludvig hadde samla for omleiringa av Mons året før og bestod av 60 000 mann og 151 kanonar. I tillegg hadde observasjonsarmeen til duc de Luxembourg, som vart oppretta for å hindre at Vilhelm kunne hjelpe Namur, òg om lag 60 000 mann. Garnisonen i Namur, kommandert av hertugen av Barbançon, hadde totalt 6 000 mann.[5]

Byen fell[endre | endre wikiteksten]

Under omleiringa av Namur i 1692 deltok dei to største militæringeniørane på denne tida: Vauban, som hadde leiinga for omleiringa, og den nederlandske ingeniøren Menno van Coehoorn, som leia forsvaret av festninga. Plasseringa og topografien kring byen gjorde omleiringa særleg utfordrande. Sjølve Namur låg på ei flat, slette på nordsida av Sambre, omringa av åsar på alle sider. Med citadellet på sørsida av samløpet mellom Sambre og Meuse var festninga ei av dei mektigaste i Flandern.[6]

Vauban hadde i løyndom observert Namur året før og klart å teikne opp forsvarsverka til byen. Ved hjelp av desse teikningane konstruerte franskmennene cirkumvallasjonar og sette opp eit stort, velutrusta batteri. Det vart opna grøfter for tre linjer natt til 30. mai.[5] Vilhelm flytta samstundes styrkane sine sørvest og nærare Namur, medan Luxembourg flytta armeen sin aust for Gembloux til Longchamps, nord for byen. Vilhelm håpte å få Luxembourg ut i slag ved Mehaigne, men mykje nedbør i dagane før gjorde det umogeleg å krysse elva.

Det meste av garnisonen i Namur var spanske soldatar, som var svake og i dårleg form.[7] Garnisonen klarte å forsterke eit batteri som dekte hovuddelen av byen, men hadde berre avgrensa suksess. Byen kapitulerte den 5. juni og det vart semje om våpenkvile fram til morgonen den 7. juni. Under denne pausen flytta garnisonen over citadellet og franskmennene gjekk inn i byen. Det vart òg semje om at dei allierte ikkje skulle skyte mot byen frå høgda, og at franskmennene heller ikkje skulle angripe citadellet frå byen. I memoarane sine skreiv Jean Martin de la Colonie, som deltok i kringsetjinga: «Det var berre uvitskap om den verkelege tilstanden til festningsverka som gjorde at denne avtalen kom i stand, sidan det berre var frå bysida festninga kunne erobrast. Resten av festninga var ugjennomtrengeleg.»[7]

Vauban, den største militæringeniøren til Ludvig XIV.

Citadellet fell[endre | endre wikiteksten]

Elva Sambre skilde citadellet frå byen. Den svakaste sida av citadellet var langs elva, men på grunn av vilkåra i våpenkvileavtalen då byen overgav seg, kunne ikkje franskmennene gå til åtak frå denne sida. Delen av citadellet som låg mot Meuse var på ei steinete klippe og umogeleg å angripe.[8] Nøkkelen til citadellet var derfor Fort William (kalla opp etter Vilhelm av Oranien som bygde det), ei stilling vest for dei andre festningsverka. Det var i denne retninga at franskmennene måtte angripe, (sjå kart).

Plan over omleiringa av Namur 1692 (her med elva Meuse frå sør til nord.

Den første oppgåva til angriparane var å ta redutten La Cachotte som låg utanfor og som dekte tilkomsten til Fort William. Grøftene vart opna den 8. juni og eit stort åtak med sju bataljonar og musketerane til kongen følgde den 12. juni.[5] La Cachotte fall og Vauban kringsette Fort William, som vart personleg forsvart av Coehoorn. Fortet låg gått til, like oppfor ryggen til bakken opp, slik at angriparane ikkje kunne sjå festninga før dei var like nær.[9] Dei franske sappørane nærma seg frå to retninga, men dei store nedbørmengdene hadde gjort heile operasjonen særs vanskeleg. Coehoorn gav så ordre om å få si eiga grav graven for å symbolisere at han var villig til å forsvare stillinga til det siste. Han vart skadd i hovudet av ei granat som tok livet av kammertenaren hans, men han døydde sjølv ikkje.[9] Det siste åtaket på Fort William kom den 22. juni og tass i det djerve forsvaret til Coehoorn, måtte han og dei 200 mennene i garnisonen kapitulere. Vauban tok imot den store rivalen sin dagen etter og trøysta han med at han i det minste hadde fått æra av å bli angripen av den største kongen i verda. Coehoorn svarte då at den verkeleg trøysta hans var at Vauban hadde måtte flytte batteria sine sju gonger under åtaket.[9]

Etter at Fort William fall, heldt ikkje dei andre festningsverka ut lenge. Den endelege kapituleringa skjedde den 30. juni og resten av garnisonen forlet byen den 1. juli. Franskmennene var då nesten tomme for forsyningar på grunn av det kraftige regnvêret.[10]

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Ludvig og følgjet hans forlet Namur den 2. juli og nådde Versailles to veker seinare. Kongen bestilte Te Deum til minne om sigeren. Sjølv om Ludvig hadde sikra ein stor siger i Namur, vart invasjonen av England mislukka. Den franske marinen vart slått i slaget ved La Hogue tidlegare i juni, slik at franskmennene ikkje fekk kontroll over Den engelske kanalen, og dermed ikkje kunne frakte franskmennene over til England. Dei irske soldatane vart i staden flytta til Rhinland.

Luxembourg venta fram til Namur vart sett klar for forsvar og braut leir den 8. juli og følgde etter Vilhelm III mot Nivelles. Meldingar nådde Versailles om at Vilhelm planla å gjenerobre Namur så snart han hadde nok soldatar.[11] Ludvig skreiv til Luxembourg og bad han innstendig om å marsjere raskt for å slå Vilhelm før han klarte å opprette skyttargraver nær Namur. [11] Den 1. august flytta Vilhelm til Halle. Vilhelm, som Ludvig, ønskte eit slag og den 3. august overraska han og gjekk til åtak på Luxembourg nær landsbyen Steenkerque. Slaget vart ikkje avgjort og begge sider kunne på sett og vise krevje sigeren, men Vilhelm forlet slagmarka i franske hender og enda slik den allierte trugselen om å ta attende Namur.[11] Lite skjedde resten av felttoget det året før dei to partane gjekk til vinterkvarter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 225.
  2. Wolf: Louis XIV, s. 573
  3. Childs: Warfare in the Seventeenth Century, s. 192
  4. The members of Louis' entourage included the poet and dramatist Jean Racine.
  5. 5,0 5,1 5,2 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 225
  6. La Colonie: The Chronicles of an Old Campaigner, s. 15
  7. 7,0 7,1 La Colonie: The Chronicles of an Old Campaigner, s. 16
  8. La Colonie: The Chronicles of an Old Campaigner, s. 17
  9. 9,0 9,1 9,2 Lynn: The Wars of Louis XIV, 1667–1714, s. 226
  10. Saint-Simon: Memoirs: 1691–1709 vol. i, s. 8
  11. 11,0 11,1 11,2 Wolf: Louis XIV, s. 575