Hopp til innhald

Omleiringa av St. Augustine i 1702

Omleiringa av St. Augustine
Del av Dronning Anne-krigen

Detalj frå eit kart frå 1733 som syner kystlinja i Nord-Amerika mellom Charles Town og St. Augustine
Dato 10. november 30. desember 1702
Stad St. Augustine, Spansk Florida
Resultat Spansk siger
Partar
Flagget til SpaniaSpania Flagget til EnglandEngland
Kommandantar
Joseph de Zúñiga y Zérda
Estevan de Berroa
Captain López de Solloso
James Moore
Styrkar
1 500 sivile
204 soldatar og marinesoldatar[1]
500–600 provinsmilits
300–600 indianarar[2]
Tap
små små
Dronning Anne-krigen
Flint River Newfoundland St. Augustine Apalachee-massakren Deerfield Grand Pré 1. St. John's Charles Town 1. Port Royal Pensacola Haverhill 2. St. John's Fort Albany 2. Port Royal Bloody Creek Quebec

Omleiringa av St. Augustine var ein del av Dronning Anne-krigen i november og desember 1702. Engelske styrkar frå provinsen Carolina og deira indianske allierte, kommandert av guvernøren i Carolina, James Moore, mot den spanske kolonifestninga Castillo de San Marcos i St. Augustine i Spansk Florida.

Etter å ha øydelagd spanske kystsamfunn nord for St. Augustine kom styrkane til Moore fram til St. Augustine den 10. november og byrja omleiringa. Den spanske guvernøren Joseph de Zúñiga y Zérda hadde fått nok tid på seg til å trekkje sivile og matforsyningar inn i festninga og sende melding til nærliggande spanske og franske samfunn om støtte. Dei engelske kanonane gjorde lite skade på festningsmurane, og dette fekk guvernør Moore til å sende ei melding til Jamaica for å få større kanonar. Spanjolane si bøn om hjelp var ein suksess og ein flåte vart send frå Havanna i Cuba. Soldatane gjekk i land den 29. desember og Moore avslutta kringsetjinga dagen etter. Han vart tvungen til å brenne mange av båtane sine før han vendte attende til Charles Town i skam.

  1. Arnade (1959), s. 22,29,35
  2. Arnade (1959), s. 5

29°53′52″N 81°18′41″W / 29.89778°N 81.31139°W / 29.89778; -81.31139