Omskrive i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein polygon er omskriven om ei kurve om sidene er tangentar til kurva, medan polygonen er innskriven i kurva om hjørna ligg på kurva. Dersom ein polygon er innskriven i ein sirkel, vert sirkelen sagt å vere omskriven om polygonen. Til dømes ein polygon som er innskriven i ein sirkel, har hjørna på sirkelen, medan ein polygon er omskriven om ein sirkel når sidene til polygonen tangerer sirkelen. Ikkje alle polygonar kan innskrivast i ein sirkel.

Tilsvarande vert det sagt eit polyeder er omskrive om ei flate, til dømes ei kule, om sideflatene er tangentplan, medan polyederet er innskrive om hjørna til polyederet ligg på flata.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«omskrevet – matematikk» i Store norske leksikon, snl.no.