Omund Bjørnsson Birkeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Omund Bjørnsson Birkeland
Omund Bjørnsen Birkeland malt av Christopher Pritzier Meidell - Eidsvoll 1814 EM.01372-crop.jpg
Omund Bjørnsson Birkeland på
eit måleri frå 1863 av P. Meidell, frå Eidsvoll 1814
Fødd17. april 1786
Nord-Audnedal i Vest-Agder
Død14. april 1862 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiUnionspartiet
YrkeGardbrukar
VervMedlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll

Omund Bjørnsson Birkeland (17. april 178614. april 1862) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann frå Nord-Audnedal i Vest-Agder.

Birkeland var fødd i Konsmo sokn i Nord-Audnedal. Han var underjeger ved vesterlenske infanteriregiment i tida før 1814. 1814 vart han vald til utsending frå regimentet til riksforsamlingaEidsvoll. Der var han lite aktiv i forhandlingane, men det er kjent at han røysta med unionspartiet.

Nokre år etter 1814 tok Birkeland over farsgarden i Konsmo, og budde der sidan. Han vart ofte nytta i kommunale ombod.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]