Omvendt trekk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Omvendt trekk er ein forklaringsmodell for feilnavigering i samband med fugletrekk. Sjølv om nokre store fuglar som svaner lærer trekkruter frå foreldra sine, har dei fleste små artar slik som sporvefuglar, ei genetisk programmert trekkrute, og det førekjem at ungfuglar feilnavigerer og flyg i motsett retning av normalt når dei skal til overvintringsområdet første hausten.

Fenomenet er illustrert i diagrammet, der eit observert feil fugletrekk til ein hypotetisk asiatisk art er vist i gult. Den korrekte trekkruta til overvintringsområda i Søraust-Asia for arten er indikert i raudt. Fuglen har vandra på ei rute 180 ° frå den rette ruta.
Illustrasjon av Jim F. Bleak

Viss ein fugl tar av i motsett retning, vist med den oransje pila, vil han ende opp i Vest-Europa i staden for Søraust-Asia. Dette er ein mekanisme som medfører at fuglar som fuglekongesongar dukkar opp tusenvis av kilometer frå der dei burde vere. Dei fleste av desse minste ungfuglane mistar livet i ueigna overvintringsområde, men det finst somme prov for at nokre overlever, og anten korrigerer i påfølgjande vintrar, eller til og med returnerer til same område.

Sjølv om omvendt trekk har vore dokumentert godt i mange tilfelle, kan ikkje modellen forklare alle tilfelle av lausgjengarar i Europa om hausten av asiatiske artar som normalt overvintrar i Aust-Afrika, til dømes. Eller meir sjeldan når mange søreuropeiske artar som skal overvintre i Vest-Afrika i staden dukkar opp i Storbritannia.

Omvendt trekk har vore nemnt som ei av fleire forklaringar på at unge hauksongarar landar i Sør-Noreg om hausten.[1] Fenomenet har òg vore skildra som forklaring på observasjonar av gulbrynsongar og fuglekongesongar på fuglestasjonen, Utsira .[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Småstykker, Sterna, Stavanger Museum, band 9, hefte 2 (1970), s. 115
  2. Jan Michaelsen og Viggo Ree Forekomsten av gulbrynsanger og fuglekongesanger i Norge til og med 1974, Sterna, Stavanger Museum, band 14, hefte 2 ( juni 1975), s. 65-78