Omvikdalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Omvikedalen er ei halv mil lang, rett breid og flat, der til mjuk og blidvoren i alt sit lag. I nedre luten rundar fjelli seg maklegt upp paa baae sidor, og dei er ikkje sers høge anten Nonshaugsfjellet i vest eller »Brunerne« i aust. Men yver dei øvste gardarne stig Blaafjell bratt og nake upp.»

Jens Tvedt
Arne Stuland: Kvinnherad : naturtilhøve og gardssoga, 1924. s. 8

Omvikdalen er eit dalføre i Kvinnherad kommune i Vestland.

Nistovetunet i Omvikdalen

Dalen ligg på søraustsida av Hardangerfjorden om lag 4 km sør for Rosendal. Han er ein typisk U-dal graven ut av isen, om lag 5 km lang og 1 km brei. I den flate dalbotnen ligg ei breavsett morene som elva etter kvart har grave ut til terrassar. På begge sider av dalen går fjella opp mot 1000 meter over havet. Fylkesveg 500 (tidlegare riksveg 48) går gjennom bygda, og det går veg opp dalen til Matre og inn mot Folgefonna.

Ved sjøen ligg Dimmelsvik, den gamle tingstaden for området, med tinghuset. Her var også handelsstad. Dimmelsvik er også postadressa for bygda. Lenger opp i dalen ligg forfattaren Jens Tvedt sin barndomsheim, med ei samling av bøkene hans. I bygda finn ein også Nistovetunet og Bakkastova, to gamle røykstover, eigde av Sunnhordland museum.

I dag er bygda eit viktig jordbruksområde, med vekt på mjølkeproduksjon og sauedrift.

Bygda har eigen barneskule og barnehage.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.