Onøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Onøya
Geografi
Norway - Onøya.png
Stad Helgeland
Koordinatar 66°23′04″N 12°51′09″EKoordinatar: 66°23′04″N 12°51′09″E

Areal 7,7 km²

Høgaste punkt Stokkviksfjellet (192 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 311 (2001)
Folketettleik 40 /km²

Onøya er ei øy i Lurøy kommune i Nordland. Ho har eit areal på 7,7 km² og ligg rett sør for Lurøya som ho har brusamband med. Øya hadde 311 innbyggjarar i 2001.

Det høgaste punktet på øya er Stokkviksfjellet på 192 meter over havet. I tillegg til brusamband nordover til Lurøya, driv Helgelandske ferjesamband frå Onøya til Stokkvågen på fastlandet og til Solvær lenger vest. Helgeland Sparebank har filial på Onøya.

Øya er også ein anløpsstad for Nordlandsekspressen, og det er korrespondanse mellom denne og Helgelandske si hurtigbåtrute frå Sandnessjøen til Træna på Onøya.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.