On an Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
On an Island
Studioalbum av David Gilmour
Utgjeve 6. mars 2006
Innspelt 2001–05
Sjanger Post-progressiv, kunstrock, barokkpop
Lengd 51:36
Selskap EMI (Storbritannia)
Columbia Records (USA)
Produsent
«Island Jam» produsert av:
  • David Gilmour
David Gilmour-kronologi
About Face
(1984)
On an Island Live in Gdańsk
(2008)


Singlar frå On an Island
  1. «On an Island»
    Utgjeve: 15. februar 2006
  2. «Take a Breath»
    Utgjeve: 3. mars 2006
  3. «Smile»
    Utgjeve: 13. juni 2006
  4. «This Heaven»
    Utgjeve: October 2006
Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic67/100[1]
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[2]
entertainment.ie4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
The Guardian3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
musicOMH3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[5]
Mojo4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[6]
Rolling Stone2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]

On an Island er det tredje soloalbumet til David Gilmour, mest kjend som vokalist og gitarist i Pink Floyd. Det vart gjeven ut 6. mars 2006 på 60-årsdagen til Gilmour. Det var det første soloalbumet til Gilmour på 22 år. Songen «Castellorizon» vart nominert til Grammyprisen for beste rockeinstrumental.

Albumet selde til platinaplate i Canada og selde over 1,5 millionar eksemplar verda over.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Med seg på albumet hadde Gilmour fleire kjende musikarar som Robert Wyatt, Jools Holland, Georgie Fame, David Crosby og Graham Nash, samt Pink Floyd-klaveristen Richard Wright og Bob Klose, som var med heilt i starten av Pink Floyd. Guy Pratt, som hadde spelt i studio og på konsertar med Pink Floyd, spelar òg. Chris Thomas og Phil Manzanera frå Roxy Music assisterte med produksjonen.

Mykje av albumet vart spelt inn i det private studioet til Gilmour, ombord på husbåten Astoria. Orkesteret på albumet vart arrangert av den kjende polske filmkomponisten Zbigniew Preisner og dirigert av Robert Ziegler

Singlane «Take A Breath» og «This Heaven» vart gjeven ut samstundes med at den amerikanske delen av turneen starta, medan «Smile» var den andre singelen i Storbritannia og nådde 72. plassen på UK Singles Chart.[8] «On an Island» nådde 27. plassen på Billboard Mainstream Rock Tracks-lista.[9]

Kopiar av albumet som først vart kjøpt frå Best Buy i USA, inneheldt ein eksklusiv bonus-CD med instrumentalen «Island Jam», som sidan vart gjeven ut på CD-singelen for «Smile» i Europa.

On an Island gjekk heilt til topps på lista i Storbritannia og var det einaste av soloalbuma til Gilmour som klarte dette. Det nådde òg toppen av Europa-lista og andreplass i Canada, Portugal og Island. I USA nådde det 6. plass. Albumet vart gjeven ut på ny alt i november 2006 med ein bonus-DVD med konsertopptak og ander opptak.

I 2009 vart det kåra til Det beste soloalbumet av eit tidlegare bandmedlem av den klassiske rockestasjonen Planet Rock.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Castellorizon»  Gilmour 03:54
2. «On an Island»  Gilmour/Polly Samson 06:47
3. «The Blue»  Gilmour/Samson 05:26
4. «Take a Breath»  Gilmour/Samson 05:46
5. «Red Sky at Night»  Gilmour 02:51
6. «This Heaven»  Gilmour/Samson 04:24
7. «Then I Close My Eyes»  Gilmour 05:26
8. «Smile»  Gilmour/Samson 04:03
9. «A Pocketful of Stones»  Gilmour/Samson 06:17
10. «Where We Start»  Gilmour 06:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • David Gilmour - gitar, elektrisk piano, piano, vokal, perkusjon, bass, saksofon, lap steelgitar, cümbüş (på «Then I Close My Eyes»), bassmunnspel, hammondorgel
  • Rado Klose - gitar på «On an Island» og «The Blue»
  • BJ Cole - dobrogitar på «Then I Close My Eyes»
  • Guy Pratt - bass
  • Chris Laurence - kontrabass på «Red Sky at Night» og «A Pocketful of Stones»
  • Phil Manzanera - klaverinstrument på «Take a Breath», «This Heaven» og «Then I Close My Eyes»
  • Chris Thomas - klaverinstrument på «A Pocketful of Stones»
  • Richard Wright - Hammondorgel på «On and Island», vokal på «The Blue»
  • Jools Holland - piano på «The Blue»
  • Polly Samson - piano på «The Blue», vokal på «Smile» og tekstforfattar.
  • Leszek Mozdzer - piano på «Take a Breath» og «A Pocketful of Stones»
  • Chris Stainton - hammondorgel på «The Blue»
  • Georgie Fame - hammondorgel på «This Heaven»
  • Andy Newmark - trommer på «On an Island», «The Blue», «This Heaven» og «Where We Start», perkusjon på «Then I Close My Eyes»
  • Ged Lynch - trommer på «Take a Breath»
  • Wille Wilson - trommer på «Smile»
  • Robert Wyatt - på kornett, perkusjon og vokal på «Then I Close My Eyes»
  • David Crosby - korvokal på «On an Island»
  • Graham Nash - korvokal på «On an Island»
  • Caroline Dale - cello på «Take a Breath», «Red Sky at Night» og «Then I Close My Eyes»
  • Lucy Wakeford - harpe på «A Pocketful of Stones»
  • Alasdair Malloy - glasmunnspel på «Then I Close My Eyes» og «A Pocketful of Stones»
  • Ilan Eshkeri - programmering på «Red Sky at Night» og «A Pocketful of Stones»
  • Zbigniew Preisner - orkesterarrangement

Bonus-DVD[endre | endre wikiteksten]

Konsertopptak frå AOL Sessions, New York, april 2006.

  1. «On an Island» (Gilmour/Samson)
  2. «This Heaven» (Gilmour/Samson)
  3. «Smile» (Gilmour/Samson)
  4. «Take a Breath» (Gilmour/Samson)
  5. «High Hopes» (Gilmour/Samson)
  6. «Comfortably Numb» (Gilmour/Waters)

Live from Abbey Road - fjernsynsserie, London, august 2006

  1. «Astronomy Domine» (Barrett)

'Konsertopptak frå Royal Albert Hall, London, mai 2006 (frå Remember That Night).

  1. «Take a Breath» (Gilmour/Samson)

Turne[endre | endre wikiteksten]

Richard Wright, Phil Manzanera og Guy Pratt vart med Gilmour på turneen etter albumet. Med på turneen var òg Dick Parry, som spelte saksofon på Pink Floyd-songane «Money», «Shine On You Crazy Diamond», «Us and Them» og «Wearing the Inside Out», samt ein solo i «Then I close my eyes», og Jon Carin, som i 1980- og 1990-åra turnerte med Pink Floyd og spelte på to av studioalbuma deira. Zbigniew Preisner dirigerte orkesteret på konserten i Gdansk. Pink Floyd-trommeslagar Nick Mason vart med på ekstranummera på konserten i London. David Bowie gjorde ein gjesteopptreden i London, og song vokal på «Comfortably Numb» og «Arnold Layne», sistnemnde vart sidan gjeven ut som ein singel. David Crosby og Graham Nash dukka òg opp fleire gonger.

Turneen vart dokumentert med konsert-DVDen Remember That Night spelt inn i Royal Albert Hall i mai 2006 og konsertalbumet, Live in Gdańsk ei innspeling av den siste konserten på turneen i Gdańsk Shipyard i Polen i august 2006.

Setliste[endre | endre wikiteksten]

Første sett:

  1. Speak to Me / Breathe In the Air
  2. Time / Breathe (Reprise)
    (I starten av turneen vart desse to songane spelte i byrjinga av andre sett.)
  3. On an Island (heile albumet)

Desse songane vart spelte på kvar einaste konsert.

Andre sett: Det andre sette bestod av eit utval av desse songane.

  1. Shine On You Crazy Diamond (Parts I-V) (alltid med i settet - stundom spelt i lag med David Crosby og Graham Nash)
  2. Astronomy Domine
  3. Dark Globe (spelt i juli og august etter at Syd Barrett døydde.)
  4. Wot's... Uh the Deal?
  5. Wearing the Inside Out
  6. Fat Old Sun
  7. On the Turning Away (berre i Venezia i Italia den 12. august 2006)
  8. Dominoes
  9. Arnold Layne
  10. Coming Back to Life
  11. High Hopes (spelt på alle konsertar)
  12. The Great Gig in the Sky (spelt den 30. og 31. mai 2006 med Mica Paris og dei første konsertane i Europa.)
  13. Echoes (spelt på alle konsertar, som avslutning før ekstranummera.)

Ekstranummer:

  1. Wish You Were Here (alle konsertar)
  2. A Great Day for Freedom (berre i Gdansk i Polen den 26. august 2006)
  3. Find the Cost of Freedom (berre med David Crosby og Graham Nash)
  4. Comfortably Numb (alle konsertar, og alltid siste song.)

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Plassering
Den kanadiske albumlista 1
VG-lista 1
UK Albums Chart 1
US Billboard 200 6

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[10] Gull 50 000*
Storbritannia (BPI)[11] Platina 300 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. On an IslandMetacritic
  2. On an IslandAllmusic
  3. Reilly, Elaine (21. mars 2006). «David Gilmour - On An Island». entertainment.ie. Henta 21. juni 2018. 
  4. John L Walters (24. februar 2006). «CD: David Gilmour, On an Island | Music». The Guardian. 
  5. Hubbard, Michael. «David Gilmour – On An Island». musicomh.com/. 
  6. Blake, Mark (2008), Raves from Dave, Mojo, s. 48 
  7. https://www.rollingstone.com/reviews/album/9449331/review/9777389/on_an_island Mal:Webarchive
  8. «David Gilmour | Artist». Official Charts. Henta 4. juli 2019. 
  9. On an IslandAllmusic
  10. «French album salstrofé – David Gilmour – On An Island» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  11. «British album salstrofé – David Gilmour – On An Island». British Phonographic Industry.  Enter On An Island in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go