On the Turning Away

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
On the Turning Away
Singel av Pink Floyd
frå albumet A Momentary Lapse of Reason
B-side

"Run Like Hell» (live)

Språk engelsk
Utgjeve 14. desember 1987
Innspelt November 1986 til august 1987
Sjanger Rock
Lengd 5:42 (album)
4:43 (singel)
Selskap EMI (Storbritannia)
Columbia (USA)
Komponist David Gilmour
Tekstforfattar David Gilmour, Anthony Moore
Låtskrivar(ar) David Gilmour, Anthony Moore
Produsent Bob Ezrin, David Gilmour
Pink Floyd-kronologi 
«Learning to Fly»
(1987)
On the Turning Away «One Slip»
(1988)


«On the Turning Away» er ein song frå Pink Floyd-albumet A Momentary Lapse of Reason frå 1987.[1][2] Han vart gjeven ut som den andre singelen frå albumet og nådde førsteplassen på Billboard Album Rock Tracks-lista tidleg i 1988. I Storbritannia gjekk songen til 55. plass på singellista. Ein konsertversjon av songen finst på Delicate Sound of Thunder.

Songen er ein powerballade og omhandlar tema som fattigdom og undertrykking, og klagar over at folk har ein tendens til å vende seg bort frå dei som er råka av slike tilhøve. Han endar med ein håpefull tone der siste verset startar med «no more turning away …».

Songen vart spelt på konsertane til bandet frå 1987 til 1989 og nokre gonger under turneen deira i 1994.

Musikkvideoen for songen bestod av konsertopptak frå The Omni i Atlanta i november 1987 og var regissert av Lawrence Jordan. Videoar for «The Dogs of War» og «One Slip» vart òg filma under same konsert. Videoen nådde niandeplass på MTV Video Countdown i januar 1988.

Fem-disk-utgåva av David Gilmour-albumet Live in Gdańsk, samt vinylutgåva, inneheld ein versjon av songen frå Venezia den 12. august 2006. Halvvegs gjennom songen gløymer både Gilmour og Wright teksten, ler av det og får hjelp av publikum til å kome attende i songen att.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Strong, Martin C. (2004). The Great Rock Discography (7th utg.). Edinburgh: Canongate Books. s. 1177. ISBN 1-84195-551-5. 
  2. Mabbett, Andy (1995). The Complete Guide to the Music of Pink Floyd. London: Omnibus Press. ISBN 0-7119-4301-X.