One Hit (to the Body)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«One Hit (to the Body)»
Singel av The Rolling Stones
frå albumet Dirty Work
Utgjeve 9. mai 1986
Innspelt Januar til mars, juli og august, november og desember 1985
Sjanger Rock
Lengd 4:44
Selskap Rolling Stones/Virgin
Låtskrivar(ar) Jagger/Richards/Wood
Produsent Steve Lillywhite &The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi 
«Harlem Shuffle»
(1986)
«One Hit (to the Body)» «Mixed Emotions»
(1989)


«One Hit (to the Body)» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones og opningssporet på albumet deira Dirty Work frå 1986.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen er tilskriven songar Mick Jagger, gitarist Keith Richards og gitarist Ron Wood, men vart i hovudsak skriven av Richards og Wood. Begge gitaristane medverka stort til albumet, og Wood var tilskriven ytterlegare tre songar i lag med Jagger og Richards. Wood medverka med den akustiske introduksjonen. Woods nytta Richards sin eigen Martin D-18 frå 1967 under eit forsøk på å finne eit skikkeleg elektrisk gitarriff, men dei valde å halde på den akustiske utgåva. Både Richards og Wood spelte elektrisk gitar på songen, men hovudriffa og soloane vart spelt av Jimmy Page frå Led Zeppelin.

Hardrock-stilen og minimal bruk av instrument kom av at Jagger medverka minimalt på heile albumet. Vokalen til Jagger er likevel kjensleladd og ru, og teksten handlar om eit røft, kjenslemessig forhold, der tittelen viser til eit bokstavleg slag frå ein kjærast.

« You fell out of the clear blue sky, To the darkness below; The smell of your flesh excites me, My blood starts to flow; So help me God; You burst in in a blaze of light, You unzippered the dark; One kiss took my breath away, One look lights up the stars »
« And it's it's one hit to the body, It comes straight from the heart; One hit to the body, Sure went straight to the mark; So help me God »

Korvokalen på songen vart sungen av Richards, Wood, Bobby Womack, Patti Scialfa, Don Covay og kona til produsent Steve Lillywhite, Kirsty MacColl. Songen vart spelt inn fleire gonger gjennom 1985 i Pathé Marconi Studios i Paris og RPM Studios i New York City.[1]

Singel[endre | endre wikiteksten]

«One Hit (to the Body)» vart gjeven ut som den andre singelen på Dirty Work den 16. mai i Storbritannia og 9. mai i USA med songen «Fight» som B-side. Singelen nådde Topp 30 i USA. Musikkvideoen hadde eit tema som tok tittelen på songen bokstavleg, der Jagger og Richards «slost» mot kvarandre. Jagger og Richards var uvener i løpet av det meste av 1980-åra, og striden dei i mellom var på topp i perioden då Dirty Work kom ut.

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1986) Plassering
Australia (Kent Music Report)[2] 34
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] 29
Nederland (Mega Single Top 100)[4] 50
New Zealand (RIANZ)[5] 30
UK Singles (Official Charts Company)[6] 80
US Billboard Hot 100[7] 28

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]