One Mint Julep

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«One Mint Julep» er ein rhythm and blues-song, skriven og komponert av Rudy Toombs som vart ein hit for The Clovers i 1951.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«One Mint Julep» vart spelt inn for Atlantic Records i New York City den 19. desember 1951 og kom ut i mars 1952. Det var ein av dei første «drikkesongane» som vart ein hit og den første med ein tenorsaksofonsolo. Det var eit viktig steg i historia til Ahmet Ertegun og Atlantic Records i målet om å bli eit heitt rhythm and blues-selskap.[1] Stilmessig gjekk The Clovers bort frå dei sentimentale teksane i romantiske doo-wop-songar og gjekk ein kulare retning, der dei la meir vekt på rytme og nærma seg jump blues-stilen.[2]

Toombs hadde jobb hos Atlantic Records med å skrive og komponerte humørfylte, kjappe rhythm and blues-songar. Atlantic ønskte at songane skulle vere meir røyndomsnære, men òg morosame. Humoren i denne songen kom frå ideen om at ein ung svart mann vart full på mint julep, ein drink som vanlegvis var tenkt som noko aristokratiske, kvite sørstatskvinner drakk.[1] B-sida til singelen var «Middle of the Night» av «Nugetre», Ertegun stava baklengs.

Viktige innspelingar[endre | endre wikiteksten]

I 1961 nådde «One Mint Julep» eit større publikum då Ray Charles spelte inn ein instrumentalversjon av songen som gjekk til topps på R&B-lista i USA og nådde åttandeplassen på poplista.[1] Andre artistar som har spelt songen er:


Notes[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Jim Dawson, & Steve Propes (1992). What Was the First Rock'n'Roll Record. Boston & London: Faber & Faber. s. 99–101. ISBN 0-571-12939-0. 
  2. Gillett, Charlie (1996). The Sound of the City: The Rise of Rock and Roll ((2nd Ed.) utg.). New York, N.Y.: Da Capo Press. s. 135, 165. ISBN 0-306-80683-5. 
  3. «Xavier Cugat And His Orchestra - Cugi's Cocktails No.1 - Mercury - UK». 45cat. Henta 25. februar 2018.