One for My Baby (and One More for the Road)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«One for My Baby (and One More for the Road)» er ein popsong skriven av Harold Arlen og Johnny Mercer for filmmusikalen The Sky's the Limit (1943) og først framført av Fred Astaire. Han vart popularisert av Frank Sinatra.

Harold Arlen skildra songen som «nok ein typisk Arlen-bendelorm» - ein «bendelorm» eller «tapeworm» var handelsslang for alle songar som gjekk over den vanlege 32-taktslengda. Han kalla det «ein vandringssong. Tekstforfattaren Johnny Mercer tok songen og skreiv han akkurat slik han fall. Ikkje berre er han lang - 48 taktar - men han endrar òg toneart. Johnny fekk det til å fungere.»[1] I følgje biografen til Arlen, Edward Jablonski, er songen «musikalsk uungåeleg, rytmisk pågåande og har ei stemning av metropolitansk melankolsk venleik som forfattaren John O'Hara finn i all av musikken til Arlen»[1]

Sinatra spelte inn songen fleire gonger gjennom karrieren sin: I 1947 med Columbia Records, i 1954 for filmmusikkalbumet Young at Heart, i 1958 for Frank Sinatra Sings for Only the Lonely, i 1962 for Sinatra & Sextet: Live in Paris, i 1966 for Sinatra at the Sands og til slutt i 1993 for Duets.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort mange innspelingar av «One for My Baby...»:

I film og fjernsyn[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Billman, Larry (1997). Fred Astaire – A Bio-bibliography. Connecticut: Greenwood Press. s. 115. ISBN 0-313-29010-5. 
  2. «When I Fall in Love overview». Allmusic.com. 
  3. «An evening with Chris Botti». Allmusic.com. 
  4. Allmusic|Allmusic.com
  5. «’’Meet McGraw’’». Classic TV Archives. Henta September 9, 2009. 
  6. Shaiman, Marc. "Someone in a Tree: My View of Johnny Carson's Last Night." The Film Music Society. 24 January 2005.