Onedinlinjen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Onedinlinjen (engelsk: The Onedin Line) var ein britisk dramaserie produsert av BBC. Serien gjekk på kanalen frå 1971 til 1980, og vart selt til rundt 20 land. Onedinlinjen vart også sendt på NRK frå 1974-1975.

Serien blei skapt av Cyril Abraham, og i hovudrollene spelte Peter Gilmore, Howard Lang og Jessica Benton. Serien handla om skipsreiarmiljø i Liverpool på slutten av 1800-talet. Hovudfokuset i serien var Onedinlinja, etablert av kaptein James Onedin. Den karakteristiske kjenningsmelodien til serien var basert på Adagio for Frygia og Spartakus frå balletten Spartakus av Aram Khatsjaturjan.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Den ambisiøse kapteinen James Onedin vil bli skipsreiar. Han vil ha andre til å sigla for seg, slik at han sjølv får fortenesta. Han høyrer snakk om at seglskuta «Charlotte Rhodes» skal seljast. Eigaren, den gamle, alkoholiserte kapteinen Joshua Webster, er uvilleg innstilt mot Onedin. Men dét er ikkje dottera til kapteinen, Anne. Hun tek mot til seg og føreslår at viss han giftar seg med henne, skal han få skipet i medgift. James Onedins einaste, ærgjerrige tanke er at han ved dette ekteskapet sikrar seg «Charlotte Rhodes» og at han dermed kan etablera sitt eige reiarlag, Onedinlinja. Men Onedin endrar innstillinga til Anne etter at dei er blitt gifte. Han tek til å visa omtanke mot henne, og etter nokre månader oppstår det ekte kjærleik og forståing mellom dem.

Den norske seglskuta SS «Christian Radich» medverka i ein av episodane, med Harald Tusberg i ei lita birolle. Andre skip som vart nytta er SS «Statsraad Lehmkuhl», «Sagres», «Soren Larsen» og «Skoleskibet Danmark».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]