Only Love Can Break Your Heart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Only Love Can Break Your Heart»
Singel av Neil Young
frå albumet After the Gold Rush
B-side

«Birds»

Språk engelsk
Utgjeve 19. september 1970
19. oktober 1970 (singel)
Innspelt august 1969 til juni 1970
Sjanger Folkrock
Lengd 3:05
Selskap Reprise 45 0746
Tekstforfattar Neil Young
Låtskrivar(ar) Neil Young
Neil Young-kronologi 
«Cinnamon Girl»
(1970)
«Only Love Can Break Your Heart» «When You Dance I Can Really Love»
(1971)


«Only Love Can Break Your Heart» er ein song skriven av Neil Young for albumet After the Gold Rush i 1970. Songen vart visstnok skriven for Graham Nash etter at han gjekk frå Joni Mitchell,[1] sjølv om Young i intervju har vore noko tilbakehalden om dette.[2] Han vart gjeven ut som singel i oktober 1970, og vart den første Topp 40-hitten til Young som soloartist, då han nådde 33. plass i USA.[3] Singelen vart gjeven ut med ein Crazy Horse-versjon av «Birds» (istaden for solopianoversjonen på albumet) som B-side. Denne forvekslinga var visstnok ikkje tilsikta.[4]

I have a friend I've never seen
He hides his head inside a dream
Someone should call him and see if he can come out
Try to lose the down that he's found

Neil Young (1970)

Allmusic skriv: «'Only Love Can Break Your Heart' er den slags song som har ein uforligneleg stil og likevel har ein universell tiltrekning og stemning -- kanskje slik at han nesten verker forslitt; teksten er ein oppdatert versjon av Tin Pan Alley-songar som 'You Always Hurt the One You Love' og den lengtande melodien kjennest som han alltid har vore der, sjølv om ein må leite lenge for å finne han andre stader»[5]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Peter Laughner, Juliana Hatfield, Kathleen Edwards, Elkie Brooks, Mint Juleps, Everlast, Psychic TV, The Corrs, Damien Leith, John Baldry, Gwyneth Herbert, The New Standards, The S.I.G.I.T., Butch Walker og I Blame Coco.

I 1990 spelte det engelske bandet Saint Etienne inn ei utgåve av songen for debutalbumet deira Foxbase Alpha. Andrew Weatherall miksa seinare songen og la vekt på basslinja. Denne remiksen vart gjeven ut som singel og gav bandet den første hitten deira.[6] Vokal var av Moira Lambert.[7] Singelen nådde 39. plass i Storbritannia og 97. plass i USA. Han nådde Topp 10 på Dance-lista i USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McDonough, Jimmy (2003). Shakey: Neil Young's Biography. Random House. s. 339–40. ISBN 9780679311935. 
  2. Thompson, Ben (27. juni 1993). «Lives of the Great Songs: Soft, strong and not very long: Only Love Can Break Your Heart: It was written by one of Crosby Stills Nash & Young, for another and later ruined by a third. Ben Thompson compiles the second in our series of song biographies». The Independent. Henta 26. oktober 2010. 
  3. Lonergan, David F. Hit records, 1950-1975. Scarecrow. s. 168. ISBN 9780810851290. 
  4. McDonough, Jimmy (2003). Shakey: Neil Young's Biography. Random House. s. 750. ISBN 9780679311935. 
  5. Allmusic
  6. Hodgkinson, Will (2008). Song Man: A Melodic Adventure, Or, My Single-Minded Approach to Songwriting. Da Capo Press. ISBN 9780306815812. 
  7. Kelly, N (30. mai 2009). «Pop's never-never band return to the source». Irish Independent. Henta 26. oktober 2010.