Only the Lonely

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Only the Lonely (Know the Way I Feel)
Singel av Roy Orbison
frå albumet Lonely and Blue
B-side

«Here Comes That Song Again»

Språk engelsk
Utgjeve Mai 1960
Innspelt 1960
Sjanger Rockabilly
Lengd 2:24
Selskap Monument Records 45-421
Komponist Roy Orbison, Joe Melson
Tekstforfattar Roy Orbison, Joe Melson
Låtskrivar(ar) Roy Orbison, Joe Melson
Produsent Fred Foster
Roy Orbison-kronologi 
«Up Town»
(1959)
Only the Lonely (Know the Way I Feel) «Blue Angel»
(1960)


«Only the Lonely (Know the Way I Feel)» er ein song frå 1960 skriven av Roy Orbison og Joe Melson.[1] Innspelinga var produsert av Fred Foster for Monument Records og vart den første store hitten for Orbison. Som ein operaaktig rockeballade, vart det ein stil ein ikkje hadde høyrt tidlegare, utanom for «It's Now or Never» av Elvis Presley. Songen vert rekna som særs viktig for utviklinga av rock and roll.

Han vart gjeven ut som singel på Monument Records i mai 1960, og nådde andreplassen på Billboard-lista i USA den 25. juli 1960 (berre stoppa av Brenda Lee sin «I'm Sorry») og 14. plassen på R&B-lista til Billboard.[2] «Only the Lonely» nådde førsteplassen i Storbritannia den 20. oktober 1960, og låg der i to veker. I alt låg han 24 veker inne på den britiske singellista frå 28. juli 1960.[3] I Noreg nådde songen fjerdeplassen på VG-lista.

Musikarane på innspelinga var dei faste studiomusikarane til Orbison med Buddy Harman på trommer, Floyd Cramer på piano og Bob Moore på bass med Hank Garland og Harold Bradley på gitar.

I 1999 vart «Only the Lonely» plassert i Grammy Hall of Fame Award. I 2004 vart songen rangert på 232. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene. På den oppdaterte lista til Rolling Stone i 2010 låg songen på 234. plassen.[4]

There goes my baby, there goes my heart
They're gone forever, so far apart
But only the lonely know why I cry
Only the lonely

Roy Orbison (1960)

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

I 1969 spelte countrysongaren Sonny James inn songen og nådde toppen av country-lista til Billboard i USA.[5] Chris Isaak har òg spelt ein versjon av songen.

Norske versjoner[endre | endre wikiteksten]

Einar Jemtland, Arne T. Elgesem, A. Epaas, Viggo Sandvik Hansen og Eldar Vågan og T. Sæther har skrive norske tekstar til songen. Jemtland og Sæther sine versjonar har tittelen «Den som er ensom». Elgesem sin versjon heiter «Anne-Susanne». Epaas sin versjon heiter «En som er ensom». Sandvik Hansen og Vågan sin versjon heter «Aunli & Aunli».

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

År Songtittel Albumtittel Artist Tekstforfatter Platetype Platemerke og katalognummer
1974 «Den som er ensom» For aill' pængan Gluntan Einar Jemtland LP Odeon 7E 062-39060
1978 «Anne-Susanne» Svenn-Erik Fjeldberg Arne T. Elgesem Singel Polydor 2052 158
1978 «En som er ensom» Countryfest 3 Lillian Askeland A. Epaas LP Talent TLS 3046
1987 «Aunli & Aunli» Gå for gull! Vazelina Bilopphøggers Viggo Sandvik Hansen
Eldar Vågan
LP Slagerfabrikken/Opal SLP 99008
CD Slagerfabrikken/Opal SCD 99008
1991 «Den som er ensom» Midt i trafikken Fryd & Gammen T. Sæther CD GP GPCD 191

I popkulturen[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holden, Stephen (1. januar 1989). «POP VIEW; The Man With the Blue Velvet Voice». The New York Times. Henta 21. februar 2015. 
  2. Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singlar: 1942-2004. Record Research. s. 443. 
  3. «Orbison's widow sues film makers». BBC News. 1. januar 2002. Henta 21. februar 2015. 
  4. http://www.rocklistmusic.co.uk/rstone.html Rolling Stone - 500 greatest songs
  5. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944-2006, Second edition. Record Research. s. 172. 
  6. Rohter, Larry (8. juli 1991). «In Movies, a Formula Is Born: Hitching One's Star to a Song». The New York Times. Henta 21. februar 2015. 
  7. Barker, Derek (2009). Liner notes to Bruce Springsteen's Jukebox: The Songs that Inspired the Man [CD]. Chrome Dreams.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]