Onn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Pieter Bruegel den eldre: Die Kornernte, 'Kornhausten' eller 'Skuronna', 1565

Onn (frå norrønt ǫnn, 'iver' eller 'møde') viser til dei årvisse travle periodane i jordbruket. Fleirtalsforma er onner (av annir).[1] Dei ulike årstidene hadde ulike arbeidsoppgåver, så dei ulike onnene har ulike namn:

  • Våronn: klargjering av åkrane, såing og gjødsling.
  • Slåttonn (òg kalla høyonn): tradisjonelt slått, tørking og berging av høy, men i moderne tid og siloslått.
  • Skuronn: tradisjonelt skjering, tørking og berging av korn, i moderne tid skurtresking.

Ein kan også ha meir spesifikke onner, som plogonn, torvonn, lauvonn og potetonn.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]