Ono no Komachi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ono no Komachi

Måleri av Kanō Tan'yū (1648)
Nasjonalitet Japansk
Statsborgarskap Japan
Fødd 825
Død

900

Yrke poet, hoffkvinne
Språk Seingamaljapansk
Periode Heian-litteraturen
Sjanger waka-poesi
Far Ono no Yoshizane
Ono no Komachi på Commons

Ono no Komachi (ca. 825–ca.900)[1][Note 1] var ein japansk poet som levde ved keisarhoffet i den første helvta av Heian-perioden i japansk historie. Poesien hennar, som er djupt subjektiv, lidenskapleg og kompleks, var eit viktig førebilete for den poesien som voks fram i Japan i Heian-perioden, ein poesi som var prega av ein personleg tone og teknisk dugleik, attåt ei filosofisk og emosjonell djupne.[2] I alt kjenner ein til snautt hundre dikt som er skrivne av Komachi.[3] Livet og lagnaden hennar er også tema for fleire seinare no-skodespel.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Keisarhoffet i Heian-perioden[endre | endre wikiteksten]

Den aristokratiske kulturen ved keisarhoffet i Heian-perioden var eit sjeldsynt gunstig miljø for skrivande kvinner av fleire grunnar. Den aller viktigaste var at kunst hadde ei viktig rolle i kvardagslivet for medlemane av hoffet. For både menn og kvinner var det å skrive imponerande poesi den beste måten for å vinne ry og ære. Å vere dugande som poet kunne på den eine sida auke moglegheitene for å avansere til høgre posisjonar, men hadde også mykje å seie for kor attraktiv ein vart rekna som ein potensiell romantisk partnar. Ei viktig hending i livet vart ikkje rekna som fullstendig før ein hadde gjeve ho poetisk form, og sameleis var det å gje ei personleg oppleving eit formalisert uttrykk gjennom poesi rekna som teikn på at ein var ein dana person med djupe kjensler.[4]

Eit viktig skilje mellom mannlege og kvinnelege medlemar av hoffet, var at dei mannlege forfattarane for det meste skreiv poesien sin på kinesisk. Kinesisk var det offentlege administrasjonsspråket i Japan på denne tida, og hadde vore det første skriftspråket i Japan heilt sidan det 4. eller 5. hundreåret. Kvinner fekk vanlegvis ikkje utdanning i kinesisk, og det var difor først ved slutten av det 8. hundreåret – då eit nytt system vart laga for å nytte kinesiske teikn fonetisk til å transkribere munnleg japansk – at kvinner for alvor fekk høve til å skrive på morsmålet. I motsetnad til menn som skreiv på kinesisk, trong dei ikkje etterlikne krava som vart stilte til poetisk struktur og smak på eit framand språk.[4] I Heian-perioden byrja hoffkvinner dimed å uttrykke seg litterært gjennom poesi, dagbøker og i «forteljingar», der dei skreiv om både offentlege hendingar og djupt private sider ved hofflivet.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Biografiske opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Vi har særs få sikre opplysningar om livet til Ono no Komachi, og sogene som finst om henne er i mange høve ei salig blanding av historiske fakta og gissing. Historikarar meiner at ho kan ha vore dotter av herskaren i Dewa-provinsen, og at ho har vore hoffdame ved keisarhoffet i dagens Kyoto i midten av det 9. hundreåret. Det er sannsynleg at ho fekk minst eitt barn, sidan eitt av dikta i ein seinare, keisarleg diktantologi har «barnebarnet til Komachi» som forfattar.[5]

Legender og forteljingar[endre | endre wikiteksten]

I eit miljø der det å drive med kunst var så vanleg, vart dei få som verkeleg skilde seg ut omtykte og fekk «...ein ekstraordinær prestisje og karisma».[5] Legender, folkeeventyr og songar gjev inntrykk av at Komachi ikkje berre var den fremste av dei kvinnelege poetane i samtida, men at ho også var den vakraste av dei alle. Dette heng saman med at evna til å skrive vakre dikt gjorde at ein vart rekna for å vere personleg attraktiv.[5]

Ono no Komachi som gamal, omflakkande kone. Tresnitt av Tsukioka Yoshitoshi (1886)

Forteljingane og legendene som finst om Ono no Komachi krinsar rundt eit par framskotne motiv: Det poetiske talentet, den forførande venleiken hennar i unge år, den uvyrdne vondskapen ho synte mot mannlege belarar og dei karmiske konsekvensane av denne vondskapen: ein alderdom full av liding og vanskar.[6] I ei av forteljingane blir det sagt at ein mannleg poet overhøyrde Komachi medan ho resiterte eit av dikta sine i forkant av ein diktkonkurranse ved hoffet. Den mannlege poeten skjønte med ein gong at Komachi sitt dikt var så velskrive og fullenda at det kom til å gå av med sigeren. Han tok difor eit eksemplar av den tidlegaste japanske diktantologien som eksisterer, Man'yōshū, og skreiv diktet hennar inn i det. Då ho resiterte diktet ved hoffet den neste dagen skulda poeten Komachi for plagiat, og freista å få henne diskvalifisert frå konkurransen. Men Komachi visste at nytt blekk ikkje sit like sterkt som gamalt blekk: Ho tok manuskriptet og vaska det i ein bolle med vatn. Det falske diktet vart vaska vekk, og trikset til den mannlege poeten vart avslørd.[7]

No-skodespel[endre | endre wikiteksten]

I dei to no-skodespela Kayoi Komashi og Sotoba Komachi (norsk «Komachi på stupaen») er den såkalla «Soga om dei hundre friarnettene» særleg sentral. I båe desse skodespela gjer ein mann kur til henne. Komachi set friaren på ein prøve, og seier at ho vil gå med på å møte han dersom han kjem til døra hennar 100 netter på rad, og markerer kvar vitjing ved dørstokken ved å lage eit skår i sitjebenken hennar. Friaren dukkar opp 99 netter på rad, men den siste natta er han ingen stad å sjå. Ifølgje Sotoba Komachi dukkar han ikkje opp fordi han har døydd av lengt, og den døde ånda hans ber på illhug mot henne.[8]

I byrjinga av skodespelet Sotoba Komachi får ein også eit møte med Komachi som gamal. Der er ho ei aldrande, lutrygga kvinne med vilt, ufjelga hår og fillete klede. Ifølgje skodespelet flytta ho til ei lita, stråtekt hytte utanfor bymurane etter at ho vart for gamal til å tene ved hoffet. I denne versjonen av livet til Komachi får ho eit heller trist endelykt og lever dei siste åra sine i anonymitet medan ho vandrar ikring som ei halvgalen kjerring på fjellstigane utanfor byen. Samstundes er Komachi i skodespelet ei kvinne med stor visdom og djup innsikt: Ein teologisk debatt mellom henne og to forbipasserande munkar endar med at munkane fastslår at ho har nådd sann opplysning og bøyer hovudet tre gongar mot jorda til ære for Komachi.[9]

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Tema

Blomen har skift farge
medan eg såg på det lange regnet –
medan eg tenkte på korleis eg skulle leva.

Ono no Komachi. Til norsk ved Masahiko Inadomi.
[10]

Den danske litteraturvitaren Hans Hertel har skildra Komachi sin lyrikk som «...sammenstøtet mellom usvekket erotisk lidenskap, alderens komme og mennenes ubestandighet».[11] Samstundes skreiv ikkje Komachi berre lidenskaplege kjærleiksdikt; ho skreiv i like stor grad dikt som var intenst religiøse. Såleis peiker den amerikanske poeten og attdiktaren Jane Hirshfield på korleis djupe, eksistensielle spørsmål går heilt inn i kjernen av Komachi sin poesi. Dikta henner reflekterer eit grunnfesta buddhistisk syn på eksistensen som prega av stadig forandring, og vender støtt attende til spørsmålet om kva i røynslene våre som kan kallast «ekte».

I dikta hennar finst det ikkje noko skarpt skilje mellom den religiøse metafysikken og den turbulente, jordlege kjærleiken. Snarare er det slik at båe dimensjonane rettar seg mot den same sanninga: den forgjengelege eksistensen. Komachi nytta poesien som både introspeksjon og refleksjon på ein slik måte at dikta hennar ifølgje Hirshfield både verkar ærlege og direkte på ein moderne lesar.[12]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I japansk litteratur blir Komachi rekna som ein av «seks diktar-geni»[13] frå midten av det 9. hundreåret (六歌仙 Rokkasen), og ein av dei «Trettiseks udøyelege poetane» (三十六歌仙 Sanjūrokkasen), ein flokk poetar frå Asuka-, Nara- og Heian-perioden.[14] Hirshfield har uttalt at ho ser på Komachi som ein «proto-feministisk» figur og gjev henne følgjande attest: «...på mange måtar eksemplifiserer livet hennar fridom, sjølvstende og det å stå innanfor hennar eiga røyndom på eit nesten ekstraordinært vis».[7] Den norske attdiktaren Arne Dørumsgaard har på si side peika på Komachi som ein av poetane å merke seg i den tidlege waka-antologien Kokinshu (古今和歌集, norsk «Samling av japanske dikt or gamal og ny tid»). Ifølgje Dørumsgaard maktar Komachi alltid «... å forene billedsprog og realisme til et naturlig hele hvor formen aldri kveles og uttrykket aldri skjemmes av anstrengt symbolikk».[15]

På norsk har Ono no Komachi blitt attdikta på riksmål av allereie nemnde Dørumsgaard. Ho er også representert med eitt dikt i nynorsk språkdrakt i den store diktantologien Framande dikt frå fire tusen år (1968), attdikta av norsk-japanske Masahiko Inadomi. På bokmål er Komachi dessutan sekundæromsett frå engelsk av Hanne Bramness i Appelsintreet (1995), ein diktantologi for ungdom. Internasjonalt har Komachi mellom anna blitt attdikta til engelsk av Jane Hirshfield i samarbeid med Mariko Aratani i diktsamlinga The Ink Dark Moon.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettstaden poemhunter.com oppgjev fødsels- og dødsår som høvesvis ca. 825 og ca. 900, medan Hirshfield (1990) oppgjev fødselsdatoen som ca. 834 og ikkje nemnar nokon nærmare dødsdato.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hirshfield, J. (1990). Introduction. I The Ink Dark Moon: Love Poems by Ono no Komachi and Izumi Shikibu, Women of the Ancient Court of Japan. New York: HarperCollins.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ono no Komachi» (nettstad). poemhunter.com. Henta 22. april 2019. 
  2. Hirshfield, J. (1990), s. xi.
  3. Hirshfield, J. (1990), s. xviii.
  4. 4,0 4,1 Hirshfield, J. (1990), s. xii.
  5. 5,0 5,1 5,2 Hirshfield, J. (1990), s. xvii.
  6. Strong, S. (1994), «The Making of a Femme Fatale. Ono no Komachi in the Early Medieval Commentaries», Monumenta Nipponica (Sophia University) 49 (4), s. 391, doi:10.2307/2385255, henta 22. april 2019 
  7. 7,0 7,1 YouTube. (2018, 25. april). Jane Hirshfield on Ono no Komachi. Look What SHE Did! [YouTube-kanal]. Henta 22. april 2019 frå https://www.youtube.com/watch?v=tkDy7mZLauY
  8. Strong, S. (1994), «The Making of a Femme Fatale. Ono no Komachi in the Early Medieval Commentaries», Monumenta Nipponica (Sophia University) 49 (4), s. 393, doi:10.2307/2385255, henta 22. april 2019 
  9. Hirshfield, J. (1997). «Writing and the Treshold Life». Nine Gates: Entering the Mind of Poetry. New York: HarperCollins. s. 197-202. ISBN 9780060929480. 
  10. Framande dikt frå fire tusen år. Samlaget. 1968. s. 23. 
  11. Hertel, H. (1985). Japan 700-1150: Kvinnekultur og hoffkultur. I L. Lönnroth & P. Møller (Red.), Verdens litteraturhistorie. Bind 2. Middelalderen (s. 122). Gyldendal: Oslo.
  12. Hirshfield, J. (1990), s. xx.
  13. Dørumsgaard, A. (1968). Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. Dreyer. s. 20. 
  14. K. T. (1921). The Thirty-Six Immortal Poets. Museum of Fine Arts Bulletin, 19 (111), s. 8.
  15. Dørumsgaard, A. (1968). Klassisk japansk poesi i norsk gjendiktning. Dreyer. s. 25.