Ontario Lacus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radarbilete av Ontario Lacus teke av Cassini-sonden

Ontario Lacus er ein innsjøsaturnmånen Titan. Væska i han er truleg sett saman av metan, etan og propan. Han er namnsett etter Ontariosjøen (engelsk Lake Ontario) i Nord-Amerika.

Eit elvedelta munnar ut i Ontario Lacus, det fyrste velutvikla dømet som er funne på Titan. I den nordre enden av innsjøen finn ein elvedalar som er fløymde over, og åsar som når ei høgd på éin kilometer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg i hovudsak på biletteksten til biletet PIA13172 hjå NASAS Photojournal.