Oodaaq

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oodaaq er, eller var, ei øy eller ein sandbanke nordaust for Grønland.

Oodaaq ligg på 83°40’32.5"N, 30°40’10.1"W, berre 600km sør for Nordpolen og 1360 meter nord for øya Kaffeklubben. Kaffeklubben er rekna for å vera den nordlegaste øya i verda, sidan det er uvisst om Oodaaq er permanent eller ikkje. Sandbanker som Oodaaq kan verte vaska vekk av havet, og oppstå ein annan stad. Etterfylgjande ekspedisjonar har hevda at Oodaaq har forsvunne.

Då Oodaaq vart oppdaga var sandbanken berre 15 meter brei og 8 meter lang.

Oodaaq vart oppdaga i 1978. Eit dansk oppsynslag landa eit helikopter på Kaffeklubben for å stadfesta at øya ligg lenger nord enn Grønland. Dei oppdaga ein mørk flekk i nord, som viste seg å vera ein sandbanke. Dei oppkalla sandbanken etter eskimoen som var med Robert Peary til Nordpolen.

I juli 2003 oppdaga oppdagarar frå USA ein 35 meter lang sandbanke på 83°42'N.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Americans Explore the Northernmost Land on Earth - Skildring av ein ekspedisjon i 1996 til øya Oodaaq