Opéra Bastille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opéra Bastille med Place de la Bastille i framgrunnen.
Jarnbanestasjonen Gare de Paris-Bastille (den lange bygningen til høgre i biletet) låg tidlegare der Opéra Bastille vart bygd. Stasjonen vart nedlagd i 1969 og rive i 1984, då byggjearbeidet for operahuset tok til.

Opéra Bastille eller på norsk: Bastilleoperaen, er eit operahus i Paris i Frankrike som, etter at det vart ferdig i 1989, overtok for Opéra Garnier som hovudscena for operaoppsettingar i Paris.

Byggearbeidet hadde teke til i 1984, etter at då dåverande presidenten i Frankrike, François Mitterrand, hadde utlyst ei arkitektkonkurranse som arkitekten Carlos Ott hadde vunne, og som soleis har teikna bygningen. Carlos Ott er ein arkitekt frå Uruguay, fødd i Montevideo 13. oktober 1946, og busett i Canada.

Opéra Bastille ligg attmed Place de la Bastille, og vart innvigd 13. juli 1989. Dette var tohundreårsdagen for folkets åtak på fengselet Bastillen (la Bastille) under den franske revolusjonen, eit forhatt fengsel som låg her før det vart jamna med jorda denne dagen.


Storleik og kapasitet[endre | endre wikiteksten]

Opéra Bastille har totalt eit areal på 155000 rutemeter, og kan teke mot om lag 4000 personar på dei areala som publikum har tilgjenge til.

  • Hovudsalen, Grande salle, har 2703 plassar.
  • Eit amfiteater (amphithéâtre) har 500 plassar.
  • Eit såkalla studio har 237 plassar.
  • Salle Liebermann er ein sal som kan oppdelast i frå 300 til totalt 1200 plassar, delvis omforma i 2005 til øvingssal for orkesteret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]