Opéra Garnier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Opéra Garnier (Palais Garnier) fotografert i 2005.

Opéra Garnier, òg kalla Palais Garnier, er det eine og eldste av dei to operahusa i Paris, og staden der den statlege pariseroperaen Opéra National de Paris har tilhald. Det andre operahuset er Opéra Bastille som opna i 1989.

Opéra Garnier, som har fått namnet etter arkitekten for bygningen, Charles Garnier, vart opna i 1875, og ligg på den høgre breidda av elva Seinen, i 9. arrondissement. Etter at Opéra Bastille vart opna, har Opéra Garnier for det meste vore nytta til ballettframsynigar som operahuset sitt eige ballettensemble, Ballet de l'Opéra de Paris (Pariseroperaens ballett), står for. Tidlegare vart huset framfor alt nytta til framføringar av operaer frå det klassiske repertoaret.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.