Opedalsteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Opedalsteinen er ein runestein frå Opedal i Ullensvang herad i Hordaland.

I prost Gert Miltzow sitt verk Presbyterologia frå 1679 omtalar han to liksteinar frå Opedal kyrkjegard, den eine med runeinnskrift. I 1825 freista biskop Jacob Neumann å finna att runesteinen, men forgjeves. I 1890 vart steinen likevel funnen av sokneprest Johannes Brochmann. Han låg då som trappestein føre inngangen til ein bygning på staden, og var temmeleg nedslite. Brochmann sørgde for å få sendt steinen til Bergens Museum. Innskrifta er freista tydd fleire gonger, dette er tolkinga til Aslak Liestøl (d. 1983):

(ar)tiþæirikser:þa: er fimno(tom) er

På norrønt vert det: Ártiđ Eiriks er þá er fimm nóttum er ....

På moderne norsk vert tolkinga: «Eiriks sjelemesse er når (det) er fem netter (før eller etter ein ukjend dato)».

Runene vert daterte til mellomalderen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]