OpenCola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit glas OpenCola
Tøyen-Cola laga etter open oppskrift.

OpenCola er eit cola-merke som er unikt fordi oppskrifta er fritt tilgjengeleg. Alle kan lage drikken, og alle kan endre og betre oppskrifta, så lenge dei òg lisensierer ho under GNU General Public License.

OpenCola var opphavleg meint som marknadsføring for prinsippet rundt open kjeldekode, men ideen slo an og 150 000 boksar blei selt. Det Toronto-baserte selskapet Opencola, grunnlagt av Grad Conn, Cory Doctorow og John Henson, blei derfor betre kjent for den nye drikken enn for programvarene dei utvikla.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]