Open leseramme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Opne leserammer (ofte avstytt ORF etter engelsk open reading frame) er delar av leserammer som ikkje inneheld stoppkodon. Dei er definerte av eit startkodon og eit stoppkodon og er ei rekkje av nukleotid der tre og tre av dei kan tydast som kodon.

Opne leserammer i eit genom er mogelege gen, sidan dei kan svara til eit omsett peptidprodukt. Det er derimot ingen garanti for dei faktisk er gen.

Illustrasjon av tre mogelege opne leserammer i ein og same DNA-sekvensen. Startkodon i rosa og stoppkodon i raudt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]