Open mellomtenar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein open mellomtenar (eller proxy) er ein mellomtenar som tilgangsvern og difor kan nyttast av alle internettbrukarar. Generelt sett skal ein mellomtenar lagre og vidaresende DNS-førespurnadar frå brukarar av ei nettverksgruppe, ein open mellomtenar vil derimot late kven som helst nytte denne vidaresendingstenesta.

Ved å bruke anonyme opne mellomtenarar kan ein brukar skjule IP-adressa si frå omverda. Opne mellomtenarar vert difor mykje nytta til å gjere skadeverk eller handlingar som bryt lova. Mange ser difor på opne mellomtenarar som eit problem. På den andre sida kan opne mellomtenarar nyttast til å omgå lands eller organisasjonars sensur av Internett. Kina er eit døme på land som i dag driv sensur av internettenester.