Hopp til innhald

Opera dei Pupi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tradisjonelle marionettar frå Catania

Opera dei Pupi er ei tradisjonell form for siciliansk marionetteater[1] I 2008 blei Opera dei Pupi innlemma i UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv. Marionetteater blei populært på Sicilia på 1400-talet, og er rekna som ein viktig del av siciliansk kultur og folkekunst. Teatret utvikla seg i løpet av 1700-talet og tidleg 1800-tal til den forma det har i dag på 2000-talet.[2]

Opphav og utvikling[endre | endre wikiteksten]

Framsyningane er i hovudsak riddarspel, som handlar om Karl den store og dei 12 krigshøvdingane hans, paladinarane, og deira kamp mot sarasenarane. Opera dei Pupi har lange tradisjonar og fleire førelauparar, men det er fyrst frå seint 1700-tal det er dokumentert at det var marionetteater med dokker av tre i Palermo. Framsyningane blei spela i såkalla casetti, flyttbare figurteaterscener. Den gongen var det fyrst og fremst stykke frå det italienske commedia dell'arte-repertoaret som blei framført.[3]:25

Tradisjonelt bestod operaen, som eigentleg er teater, av framsyningar med romantiske heltedikt frå mellomalderen, som Orlando furioso, ‘Den rasande Roland’. Eventyra til Roland har gjeve stoff til rundt 500 skodespel, dels med utgangspunkt i Rolandskvadet og liknande mellomalderhistorier, dels frå forfattaren Ludovico Ariosto (1474–1533) og hans chansons de geste, songar om heltedådar.[4]

Tradisjonen med cantastorie, gatesongarar som opplyste folk og fortalde historier gjennom song, er delvis vidareført i Opera dei Pupi. På 1800-talet og i den fyrste delen av 1900-talet var det mange faste marionetteater på Sicilia, men på midten av 1900-talet var talet sterkt redusert, og framsyningane blei frå då av oftast spela for turistar.[5]

Marionettar eller stongdokker?[endre | endre wikiteksten]

Marionettar i Palazzo Branciforte i Palermo.

Dei sicilianske marionettane er utvikla frå dei klassiske europeiske, men skil seg frå desse ved at dei ikkje berre blir styrte med kortare og lengre snorer, men også bevegast ved hjelp av stenger. Ei av stengene er festa til høgrehanda til marionettens og ei anna til hovudet til figuren. Marionetten blir også styrt med snorer, som gjer det mogleg å manipulere han til å trekkje sverdet og bevege venstre hand, så han kan ta seg til hovudet, og løfte visiret.[6]

Denne forma for teaterdokker, med bruk av både stenger og snorer, finst fleire andre stadar, blant anna i Antwerpen i Belgia, der dei tidlegare blei kalla dobbelte stangdokker, men seinare stort sett blei omtala som de poesje.[3]:19

Catania og Palermo har vore dei to viktigaste byane når det gjeld utvikling av det sicilianske marionetteateret, og dei har danna skule for teater i andre byar. Palermo-tradisjonen har vore mest utbreidd i vest, og Catania-tradisjonen i aust-Sicilia. Marionettane frå dei to byane er ulike på fleire vis. Mens dei tradisjonelle marionettane frå Catania kan vere rundt 1,2–1,3 meter høge, er dokkene frå Palermo høvesvise lette og målar omtrent 80 cm.[6] Dokkene frå Catania blir styrte ovanifrå, mens dei frå Palermo blir styrte frå sida.[3]:19 Kroppen til marionettane er laga av tre og ledda i armar og bein for å gje dei betre rørsleevne. Ettersom hovudpersonane i framsyningane stort sett er riddarar, er dei iførte rustning og ber sverd og skjold. Alt dette er laga av metall, og fører til at dokkene kan bli svært tunge. Marionettane frå Catania kan vege opptil 16 kg.[6]

I stykka inngår ein del standardfigurar, som kristne riddarar, heidenske riddarar, kristne soldatar, heidenske soldatar (deriblant enkelte mørkhuda), kvinnelege og mannlege vismenn (magiar), damer, pasjaer og dyr.[3]:98–99

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skrivemåten er frå Det norske akademis ordbok: https://www.naob.no/ordbok/marionett-teater
  2. «Sicilian Marionettes and Puppet Theatre - Best of Sicily Magazine». www.bestofsicily.com. Henta 22. oktober 2018. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Reimann, Horst (1982). Siziliens kleines Volkstheater Opera dei Pupi. Deutsches Institut für Puppenspiel. ISBN 3883170097.  [Boken inneholder en omfattende bibliografi om emnet]
  4. Wang, Ragnhild; Helgesen, Vibeke (2000). Den magiske hånd : dukkespill og figurteater gjennom tidene. Pax. s. 69–73. ISBN 8253020899.  [e-bok fra bokhylla.no]
  5. «Opera dei Pupi, Sicilian puppet theatre - intangible heritage - Culture Sector - UNESCO». ich.unesco.org (på engelsk). Henta 3. november 2018. 
  6. 6,0 6,1 6,2 «Puppet Opera | Visit Sicily official page». www.visitsicily.info (på engelsk). Henta 31. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Opera dei Pupi