Operaen Spar dame

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Spar dame
Пиковая дама
Антон Боначич. Пиковая дама.jpg
Språkrussisk
Utgitt1890
Uroppføring7. desember 1890
Pjotr Tsjajkovskij med Nikolaj og Medeja Figner, som spelte Hermann og Lisa på premieren i 1890.

Spar dame (russisk Пи́ковая дама, Pikovaja dama) er ein opera i tre akter av Pjotr Tsjajkovskij. Librettoen blei skriven broren hans Modest, og bygger på novella av same namn av Aleksandr Pusjkin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ideen om å tonesetja den vesle novella til Pusjkin kom opphavleg ifrå Ivan Vsevolosjki, sjefen for Det keisarlege teateret, som òg føreslo for Tsjajkovskij å leggja handlinga til slutten av 1700-talet i staden for Pusjkin sitt 1820-tal. Komponisten gjekk gjerne med på forslaget, ettersom klassisisme- og rokokko-epoken, ein gyllen tidsalder for musikken, allereie var idealet hans. Tsjajkovskij byrja skriva på Spar dame den 31 januar 1890 under eit opphald i Firenze, og var ferdig med skissene allereie 15. mars. Det endelege partituret låg klart 5. juni. Operaen blei uroppført på Mariinskij-teateret i St. Petersburg den 19. desember 1890.

Operaen hadde premiere i Sverige på Stokkholmeoperaen den 25. november 1909, og blei sett opp att med premiere 19. november 1931 og 22. oktober 1949.[1]

Personar[endre | endre wikiteksten]

  • Herman (tenor)
  • Grev Tomskij (baryton)
  • Furst Jeletskij (baryton)
  • Tsjekalinskij (tenor)
  • Surin (base)
  • Tsjaplitskij (tenor)
  • Namurov (base)
  • Seremonimeisteren (tenor)
  • Grevinna (mezzosopran)
  • Lisa, adoptivdotter hennar (sopran)
  • Polina, venninne av Lisa (alt)
  • Guvernanta (mezzosopran)
  • Masja, kammerjomfru (sopran)
  • Eit befalande barn (talroll)
  • Barn, barnepassarar, guvernanter, ammer, gjester, spelarar (kor)

Handling[endre | endre wikiteksten]

Operaen føregår i Sankt Petersburg kring år 1800.

Akt I[endre | endre wikiteksten]

Atlas deck queen of spades.svg

Sommarhagen i Sankt Petersburg. Det fyrste solskinet har lokka bybarna ut i det fri. Adelsbarna hermar etter dei vaksne og leikar at dei er bruder eller soldatar. To offiserar, Tsjekalinskij og Surin, undrar seg over ein venn, ingeniøroffiseren Herman. Kvar kveld er han til stades ved ulike spelehus, men uten å sjølve gambla. Offiserane fjernar seg, og i staden kjem Herman og grev Tomskij fram. Dei møter fyrst Jeletskij, som presenterer sin trulova Lisa. Herman kjenner henne igjen jenta som han elskar i løyndom. Men elsken hans er håplaus, ettersom ho er adoptivdottera til ei rik grevinne og han sjølv er fattig. Tomskij fortel Herman om grevinna: ho var ein gang ein ung venleik, som var kjend som Spar dame fordi ho var ein dyktig hasardspelar som kjende løyndommen om tre uslåelege kort. Herman blir fascinert og vil få rede på løyndommen bak korta.

Adelsjentene underheld seg sjølv med song. Lisa blir åleine og sørgjer over den håplause elsken sin til Herman. Då openberrar denne seg plutseleg for henne og ber henne avgjera lagnaden hans. Ho tilstår at ho elskar han.

Akt II[endre | endre wikiteksten]

Den store salen i huset til ein adelsmann. Jeleteskij legg merke til Lisa sin motvilje og prøver gjennom å visa edelmot vinna kjærleiken hennar. Det blir framført eit hyrdespel . Lisa gir Herman nøkkelen til rommet sitt. Når han får vita at vegen til rommet hennar går gjennom det til grevinna, bestemmer han seg for å vinna den gamle løyndommen. . Herman gøymer seg i soverommet til grevinnan. Grevinnan trekk seg tilbake og sovnar. Herman trugar den gamle dama, som gjev frå seg eit skrik og døyr. Lisa oppdagar udåden. Herman lykkast ikkje i å rettferdiggjera handlinga si, og flyktar.

Akt III[endre | endre wikiteksten]

Herman sitt rom på kasernen. Lisa har ikkje gitt opp håpet om kjærleiken til Herman, og ber han om eit møte i eit brev. Grevinna sitt gjenferd viser seg for Herman. Han får vita løyndommen om dei tre korta, men uten å heilt forstå han. Han høyrer berre namna på korta - trear, sjuar og ess - men ikkje kravet om at han må gjera Lisa lykkeleg. Lisa ventar på Herman ved breidda av Neva. Ein kort augeblikk vaknar det betre sjølvet til Herman, men så blir han igjen overmanna av spelemanien. Lisa kastar seg i elva og døyr. Før ho døyr har Lisa brote trulovinga si med fyrst Jeletskij, og denne søkjer no hellet sitt ved spelebordet. Adelsmennene prøver gjennom å spela å skapa ein lystfylt augneblikk i dei elles så meningslause liva sine. Også Herman vier seg no til denne måten å leva på. Han satsar fyrst på tre, sidan på sju og vinn store summar. Ingen vågar lenger å spela imot han, berre fyrst Jeletskij blir motspelaren hans i det siste partiet. Herman satsar på ess, men vender opp spar dame, og frå kortet stirrar ansiktet til den gamle grevinna mot han. Han mister forstanden og tar livet av seg. I kjærleiken til Lisa fanst meininga med livet hans som aldri blei oppfylt.

Opptak (utval)[endre | endre wikiteksten]

  • Pique dame. Gegam Grigorian, Maria Gulegina, Ludmila Filatova, Sergei Leiferkus. Kirovoperaens kor og orkester. Valery Gergiev, dirigent. Decca DVD 070 434-9. 1992.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kungliga teatern : repertoar 1773-1973 : opera, operett, sångspel, balett. Skrifter från Operan, 0282-6313 ; 1. Stockholm. 1974. Libris 106704
  2. The Penguin guide to the 1000 finest classical recordings : the must have CDs and DVDs. London: Penguin Books. 2011. Libris 12532581. ISBN 978-0-241-95525-3

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Operaen Spar dame
Vidare lesing
  • Aronsson, Katarina (2008). ”"Det hörs i musiken att det handlar om kärlek"”. Operan. Spelåret ... / Kungl. teatern 2008/09:14,: sid. 6-10.  Libris 12488630
  • Hagman, Bertil (1993). ”Nötknäpparen, Spader dam”. Musikrevy (Svedala : Musikrevy, 1946-1994) 1993 (48:4),: sid. 36-38. ISSN 0027-4844. ISSN 0027-4844 ISSN 0027-4844.  Libris 2278190
  • Johansson, Stefan (2008). ”Tre på en trappa”. Operan. Spelåret ... / Kungl. teatern 2008/09:14,: sid. 14-16.  Libris 12488667
  • Tjajkovskij, Pjotr; Söderström, Elisabeth; Pusjkin, Aleksandr: Spader dam : opera i 3 akter efter en novell av Puschkin, Ed. Lundén, Stockholm 1973 (swe). Libris 3038719.