Operahuset Nordfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Operahuset Nordfjord

ArkitektNordplan
Kart
Operahuset Nordfjord
61°54′49″N 5°59′00″E / 61.913637°N 5.983363°E / 61.913637; 5.983363

Operahuset Nordfjord er eit opera- og kulturhusNordfjordeid. Bygningen stod ferdig i 2009 og er tilknytt Eid vidaregåande skule. I tillegg til skulen husar han operaselskapet Opera Nordfjord, ein kinosal og det kommunale biblioteket.

Operahuset Nordfjord blei opna 25. april 2009 av kulturminister Trond Giske som det andre operahuset i Noreg, etter operahuset i Bjørvika i Oslo.[1]

Foajéen har plass til om lag 300 personar og blir også brukt som kantine av Eid vidaregåande skule.[1]

Operasalen har akustikk som er tilerettelagt for akustisk musikk, det vil seia musikk utan forsterkarar, men denne kan også dempast slik at ein kan bruka forsterkarar der. Salen har 530 sete.[1]

Kinosalen har 105 sete.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Om huset > Operahuset», www.operahuset.no (på norsk), henta 14. juli 2021 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]