Operasjon Claymore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Operasjon Claymore

Soldatar ser på tanker med fiskeolje i brann.
Foto: Capt. Tennyson d'Eyncourt, IWM Collections
Dato 4. mars 1941
Stad  Noreg: Svolvær, Stamsund, Henningsvær og Brettesnes
Resultat Suksess for britane
Partar
 Storbritannia  Tyskland


Operasjon Claymore var ein aksjon som vart gjennomført av britiske og norske styrkar 4. mars 1941 i Svolvær, Stamsund, Henningsvær og Brettesnes. I Noreg er operasjon Claymore vorte kalla Svolværraidet og Lofotraidet.

Aksjonen vart utført av britiske og norske soldatar, som vart tekne til Lofoten av ein orlogsstyrke på fem britiske jagerar og to troppetransportskip. 52 norske soldatar frå Norwegian Independent Company No. 1 (Kompani Linge), blant dei Martin Linge, var med.

Claymore-operasjonen førte til at skip på tilsaman 19 000 tonn vart senka, blant anna eit tysk fabrikkskip (MS «Hamburg»), og 18 føretak vart øydelagt. 213 tyskarar og tolv NS-medlemmar vart tekne til fange. Blant den lokale folkesetnaden valde 314 å verta med over til Storbritannia.[1]

Soldatar returnerer etter raidet 4. mars 1941

Eit anna viktig utfall av raidet var overtakinga av eit sett roterande hjul og kodebøker til ein Enigma-maskin frå den tyske armerte trålaren «Krebs». Dette førte til at britane kunne knekka dei tyske marinekodane ved Bletchley Park, og gjorde at allierte konvoiar kunne unngå tyske u-båt-samlingar.[2]

På britisk side var ein godt nøgde med utfallet av Claymore. Operasjonen var rekna som eit døme på eit vellukka kommandooppdrag.

Reichskommissar Josef Terboven beordra represaliar mot lokalfolkesetnaden og nærare 100 menneske vart arrestert. Desse vart først internert på Åneby i Hakadal og vart sommaren 1941 overført til Grini fangeleir.

Innsatsstyrken i Nord-Hålogaland Heimevernsdistrikt (HV-16) har teke namnet sitt etter operasjonen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Svolværraidet», Norsk krigsleksikon 1940–45, Oslo: Cappelen, 1995, s. 410.
  2. West 2015, s. 10.
  • West, Nigel (2015), Double Cross in Cairo: the true story of the spy who turned the tide of war in the Middle East, London: Biteback Publishing, ISBN 978-1-84954-796-3 


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]