Operasjon muskedunder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kraftverket i Glomfjord fotografert i 2008

Operasjon muskedunder, Glomfjord-raidet eller Glomfjord-aksjonen (engelsk kodenamn: Operation Musketoon), har vorte namnet på ein britisk sabotasjeaksjon som gjekk føre seg på natta mellom 20. og 21. september 1942 mot Glomfjord kraftverk i Glomfjord i Nordland under andre verdskrigen. Føremålet var å gjere slutt på energileveringa til Haugvik aluminiumsfabrikk i nærleiken av kraftverket, som høyrde til det tyske selskapet Nordische Aluminiumgesellschaft, og var meint å levere aluminium til tysk krigsflyproduksjon. Den tyske okkupasjonsmakta i Noreg hadde difor utvida kraftverket for å skaffe energi til denne viktige krigsindustrien, som det etter alliert meining var naudsynt å få gjort ein slutt på.

Åtaksgruppa var sett saman av ti soldatar frå den britiske No. 2. Commando, inkludert den kanadiske kapteinen og leiaren av gruppa, Graeme Black, og i tillegg to lokalkjente nordmenn, Sverre Granlund og Magnus Djupdræt, som var i England som soldatar i Kompani Linge. Dei reiste frå Orknøyane 10. september 1942 på den franske undervassbåten «Junon» under den franske kapteinløytnant J. Querville, som ved krigsutbrotet hadde teke med seg båten og slutta seg til dei allierte i England, og no høyrde til i dei frie franske styrkane (fransk: Forces Françaises Libres). Opphavleg var det meininga at gruppa skulle landsetjast ved Kunna, rett nord for Ørnes, men dei to lokalkjende nordmennene gav rådet om heller å gå i land i Bjærangsfjorden og ta seg til fots mot Glomfjord over fjellet og Svartisen for å kome seg unna den sterkt overvaka vegen frå Kunna mot kraftverket. Dette vart gjort, og dei gjekk i land i nærleiken av Bjærangsjøen den 15. september. Generatorane i kraftstasjonen var sprengde ved midnattstida natta mellom 20. til 21. september. Omlag samstundes vart røyrgatene for vatnet frå fjellet ned til kraftstasjonen sprengd av tennladningar med tretti minutt forseinking etter at sprengingslaget som stod for dette, hadde kome seg unna.

Etter åtaket skilde sabotørane lag og delte seg i fleire grupper. Den største gruppa på sju under leiing av kaptein Black, vart kringsett og måtte overgje seg ved åttetida om morgonen 21. september. Magnus Djupdræt hadde vorte hardt såra i nærkamp med ein av dei tyske soldatane, og var medvetslaus då han vart teke til fange og frakta til Bodø, der han døydde 24. september. Dei andre vart sende til Tyskland og drepne 23. oktober 1942. Dei fire som var att i fjellet etter sprenginga av røyrgata, mellom dei Sverre Granlund, tok seg over ulike ruter til Navarvatn. Granlund fortsette åleine til Sverige. To av engelskmennene kom etter kvart til Junkerdalen saman, og vart hjelpte over til Sverige av den norske motstandsrørsla.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Shofield, Stephen (1964): Musketoon : Commando Raid. Glomfjord, 1942, Johnathan Cape, London. Norsk oversettelse: Operasjon Muskedunder : Glomfjord-raidet i 1942, Gyldendal, Oslo, 1965.
  • Jensen, Erling; Ratvik, Per og Ulstein, Ragnar (1948): Kompani Linge  : Første bind, Gyldendal, Oslo, s. 152-156
  • Gulbransen, Per (1997): Sverre Granlund og Operasjon Muskedunder, Sverre Granlunds etterretnings- og motstandsarbeid i Nord-Norge/Trøndelag 1940-43 og hans innsats under Operasjon Muskedunder.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]