Operation Uphold Democracy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Soldatar i C-kompaniet, 2. bataljon – 22. infanteri og 10. fjelldivisjon sikrar lufthamna i Port-au-Prince under den fyrste dagen av Operation Uphold Democracy.

Operation Uphold Democracy (19. september 199431. mars 1995) var ein reaksjon frå USA på at den korrekt valde regjeringa i Haiti vart avsett og utvist gjennom eit kupp. USA rykte inn med styrkar i landet, og ein diplomatisk del, som var leidd av tidlegare president Jimmy Carter, tidlegare senator Sam Nunn og tidlegare leiar for Den militære sjefsnemnda, Colin Powell, overtala leiarane til å overgje seg og la dei valde personane få kome tilbake til makta. Dette arbeidet var vellukka delvis fordi den USA-amerikanske delegasjonen kunne peike på dei store styrkane som var klare til å rykkje inn i landet.

Operation Uphold Democracy vart offisielt avslutta 31. mars 1995, då han vart erstatta av SN sitt oppdrag i Haiti. Den USA-amerikanske presidenten Bill Clinton og den haitiske presidenten Jean-Bertrand Aristide leidde seremonien for maktendringa. Frå mars 1995 til mars 1996 vart 2 400 av personane i den opphavlege operasjonen verande som ei støttegruppe under leiing av UNMIH, i ein ny operasjon med namnet «Operation New Horizons».[1] Ei stor gruppe USA-amerikanske troppar (USFORHAITI) var med som fredsvernarar i UNMIH fram til 1996, og kommandanten for dei USA-amerikanske styrkane var også kommandant for SN-styrkane. SN-styrkane heldt seg – under ulike oppdragsnamn – i Haiti frå 1995 til 2000, og i 2004 vart det igjen oppretta ein fredsstyrke med namnet MINUSTAH. Under operasjonen vart éin USA-amerikansk tenestemann drepen av fienden. Han var stabssersjant i spesialstyrkane til USA, og vart skoten under ein vegkantkontroll.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Operation New Horizons hjå GlobalSecurity.org.