Operatunnelen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Overgangen frå Bjørvikatunnelen til Ekebergtunnelen i open sjakt med avkøyring til Europaveg 18 (Mosseveien).

Operatunnelen er ein 5 767 lang motorveg-tunnel i Oslo for europavegane E 18 og E 6 mellom Filipstad i vest og Ryen i aust, med tunnelsamband til Helsfyr og Europveg 6 nordover. Tunnelen utgjer eit underjordisk vegsystem som leiar gjennomgangstrafikken unna Oslo sentrum, med opp-og nedkjørslar til sentrumsområdet på Filipstad/i Vika i vest, og på vest- og austsida av Bjørvika.

Operatunnelen er sett saman av fire deltunnelar som vart bygde til ulike tider, og som frå vest til aust er Festningstunnelen og Bjørvikatunnelen, som er ei strekning av Europaveg 18, og Ekebergtunnelen og Svartdalstunnelen til Ryen, som er ein arm av Europaveg 6 frå sør. Mot Europaveg 6 nordover er det ein tunnel frå Operatunnelen under Vålerenga til Helsfyr. Mellom Bjørvikatunnelen og Ekebergtunnelen går motorvegen i 111 meter lang sjakt under open himmel.

Festningstunnelen vart opna i 1990, Ekebergtunnelen vart opna i 1995, og Svartdalstunnelen vart opna i 2000. Operatunnelen vart opna for trafikk i heile si lengd 20. september 2010, då den undersjøiske Bjørvikatunnelen under Bjørvika rett sør for Operahuset vart teke i bruk, og det var frå då av at tunnelsystemet fekk det noverande namnet.