Opium

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Råopium

Opium (frå gresk opos 'plantesaft', gjennom latin) er eit stoff utvunne av opiumsvalmuen (Papaver somniferum) som er blitt brukt som medisin og rusmiddel i minst 5000 år.[1] Det inneheld rundt 25 alkaloid, mellom anna morfin, kodein, og papaverin.[2]

Stoff i opium[endre | endre wikiteksten]

Morfin, kodein og tebain er dei viktigaste narkotiske stoffa i opium. Morfininnhaldet varierer mellom 3 og 23 % i vassfritt opium.[2] Papaverin og noskapin er isokinolin med liten verknad på sentralnervesystemet.

Medikament basert på morfinliknande opiumsalkaloid blir kalla opiat, ei undergruppe av opioida som er sambindar med ei morfinliknande effekt.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Framstilling av opium i Rajasthan i India.

Opium blir laga av lufttørka saft frå umogne frøkapslar av opiumsvalmuen. For å utvinna opium skrapar ein frøkapslane med ein skarp kniv eller liknande, slik at safta i kapslane siv ut. I løpet av nokre timar størknar denne safta og blir brun eller svart. Dette produket blir kalla råopium, og blir ofte elta saman til opiumskaker. Ein kan vidare utvinna morfin, heroin og andre opiumsalkaloid frå opium.[2]

Opium blir særleg produsert i Sør-Asia, Sentral-Asia og Søraust-Europa. I 2005 blei rundt 90 % av verdas opium dyrka i Afghanistan.[2]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Ein akhamann røyker opium.

Opium kan røykast i pipe eller omdannast til væske, sirup eller pulver. Stoffet har mange bruksområde innan tradisjonell medisin, til dømes til smertelindring og mot diaré, og er utgangspunkt for mange moderne legemiddel. Innen moderne farmakoterapi bruker ein ikkje lenger opium direkte.[3]

Opiumsstoff fører gjerne til ein avslappa, likeglad tilstand. Større dosar kan gjera ein søvnig og føra til forstopping. Kroppsfunksjonane blir tyngre, tunga blir tørr og kroppen kjennest varm. Ein kan fort bli avhengig, det vil seia at ein krevjer stoffet, men treng større dosar for å oppleva rus, blir likegyldig til alt anna, får sterke abstinenssymptom som feber, skjelving, muskelspasmar, magesmerter, mister appetitten og får diaré.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Opium: velsignelse og byrde», Rusmidler fra Det gyldne triangel, Etnografisk museum i Oslo
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 opium i Store Norske Leksikon
  3. Jørg Mørland, opium i Store medisinske leksikon
  4. Heroin, morfin, metadon og opium ved NHI.no, endra 21.01.2010

«Opium» i Nynorskordboka