Opiumsvalmue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Opiumsvalmue
Opiumsvalmue
Opiumsvalmue
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Ranunculales
Familie: Papaveraceae
Underfamilie: Papaveroideae
Slekt: Valmueslekta Papaver
Art: Opiumsvalmue P. somniferum
Vitskapleg namn
Papaver somniferum

Opiumsvalmue (Papaver somniferum) er ein art i valmueslekta.[1] Han er ein eittårig plante som kan bli opptil 1,5 m høg. Planten har blågrøne blad og ein stor blome som kan vera raud, blåfiolett eller andre fargar.[1]

Ein kan vinna ut opium frå mjølkesafta til den umogne kapselfrukta. Frøa frå den mogne kapselen blir nytta i matlaging som valmuefrø, eller til å laga valmueolje.[1]

Valmuen høyrer heime i middelhavslanda, men blir også dyrka ei rekkje andre stader.[1] Han er blitt observert veksande fleire stader i Noreg, men blir ikkje rekna for å ha ein reproduserande bestand i landet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Opiumsvalmue». Store norske leksikon. 6. januar 2015. Henta 19. september 2018. 
  2. «Opiumsvalmue Papaver somniferum L.». Artsdatabanken. Henta 8. februar 2019.