Oppad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oppad AS er eit norsk selskap som er leverandør av eit skoleadministrativt IKT-system. Selskapet, som vart etablert i 2004, held til i Kongsvinger og Oslo.[1] Namnet til selskapet er ei samansetning av oppvekst og administrasjon.

Systemet er ikkje produsert av Oppad, men av det svenske selskapet Tieto, som er ein leverandør av IKT-løysingar innanfor utdanning, helse- og omsorgssektoren i Norden. Det svenske systemet er tilpassa norske tilhøve av Oppad for skular, skulefritidsordning og barnehagar, og har integrerte løysingar med andre system for kommunal sektor.[2]

I 2011 etablerte Oppad eit samarbeid med det egyptiske selskapet ITWorx om å levera ein læringsplattform. Denne skal heita CLG og vil utviklast av ITWorx, men er omsett og tilpassa for norsk skule av Oppad.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]