Oppdal flyplass, Fagerhaug
Oppdal flyplass, Fagerhaug | |
![]() | |
ICAO | ENOP |
---|---|
Eigar | Midtnorsk Fly- og Luftsportssenter AS |
Tener | Oppdal kommune ![]() |
Stad | Fagerhaug ![]() |
Høgd | 558 meter ![]() |
Koordinatar | 62°38′59″N 9°50′48″E, 62°39′7″N 9°51′17″E ![]() |
Nettstad | http://www.mfl.no ![]() |
Oppdal flyplass, Fagerhaug er ein privat flyplass som ligg ved Fagerhaug, ca. 10 km nord-aust for Oppdal sentrum i Oppdal kommune i Trøndelag. Flyplassen ligg like inntil E6 og er eigd av Midtnorsk Fly- og Luftsportsenter AS.
Plassen har i mange år vore brukt til seglflyging og fallskjermhopping. NTH Flyklubb og NTNU Fallskjermklubb er hyppige brukarar heile året.
Flyplassen er i dei seinare åra blitt utvida og asfaltert, og vert òg brukt av privatjetfly i tillegg til småfly og seglfly. Rullebanen er 1000 x 18 m og ligg 559 m.o.h (1834 ft). Baneretningen er 07/25. Det er fleire oppstillingsplassar for fly. Flydrivstoff (AVGAS 100LL og Jet A-1) er tilgjengeleg. Bakkestasjonen er open ved ervervsmessig flyging og ved IFR-flyging. Det kan vere stor aktivitet med seglfly og fallskjermhopping, spesielt i helgene. Frekvens 122.95 MHz vert brukt for kommunikasjon.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Midt-Norsk Fly- og Luftsportsenter AS
- Røkke bygger flyplass på Oppdal (VG-artikkel fra 2000)
- Fagerhaug på norskeflyplasser.no Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine.