Oppdal skisenter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Hovden i Oppdal skisenter.

Oppdal skisenter er eit skisenter som ligg i Oppdal kommune i Trøndelag. Senteret består av fire alpinanlegg som er drivne i samarbeid: Vangslia, Hovden, Stølen og Ådalen. Anlegga er kopla saman gjennom eit nettverk av samkøyringsløyper og heisar. Oppdal skisenter er spreitt over fire fjell og har 17 heisar, 30 nedfartar og eit løypenett på 56 kilometer.[1]

Den største høgdeforskjellen i Oppdal skisenter er 790 m. Hovden var den første bakken som vart opna, i 1952.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Oppdal Skisenter». Store Norske Leksikon. Henta 26. januar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]