Lavik-Oppedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oppedal-Lavik)
Ferjekaia i Oppedal.

Lavik-Oppedal er eit ferjesamband på europaveg 39 som kryssar Sognefjorden frå Lavik i Høyanger kommune til Ytre Oppedal i Gulen kommune.

Sambandet var opphavleg ei sommarrute som vart oppretta mellom Lavik og Instefjord i 1955. I 1956 og 1957 gjekk ferja også til Vadheim. I 1964 vart sambandet ei heilårsrute, og Oppedal kom inn som stopp. I eit års tid framover gjekk ruta Lavik-Oppedal-Instefjord. Året etter vart endestoppen på sørsida av Sognefjorden flytt frå Instefjord til Brekke. Deretter gjekk ferja ruta Lavik-Oppedal-Brekke i 25 år.

I 1990 vart det opna ny veg mellom Instefjord og Oppedal. Då forsvann Oppedal midlertidig ut av ruta på grunn av opprusting av ferjeleiet. Ferjesambandet Lavik-Oppedal vart opna att i 1991, og Brekke vart nedlagt som ferjestopp. Sambandet blir drive av Fjord1 Fylkesbaatane med ferjene MF «Lifjord» og MF «Gloppen».